Pasientkoordinator
POLIKLINIKK BARN OG UNGDOM VOLDA OG ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
- Arbeidssted
- ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 20. sep. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Er du ein innovativ og utviklingsorientert pasientkoordinator som er engasjert i kvalitetsforbetring, digitalisering og vidareutvikling av framtidas polikliniske tenester? Då kan kanskje denne stillinga vere noko for deg!
Vi har nemleg no ledig eit 80% vikariat som pasientkoordinator ved Poliklinikk barn og ungdom Volda og Ålesund. Oppstart etter avtale fram til 1.februar 2026.
Poliklinikk barn og ungdom er ein seksjon i Avdeling for kvinner, barnemedisin og habilitering, og er organisert i Klinikk Ålesund. Seksjonen yter helsehjelp i forhold til utgreiing, diagnostisering og behandling innan fagfeltet barnemedisin. Vi har eit godt fagleg miljø, samt eit godt arbeidsmiljø der pasienten er i fokus.
Tilsette i seksjonen er samansett av spesialsjukepleiarar, klinisk ernæringsfysiolog, sosionom og merkantilt personell. Seksjonsleiar er nærmaste leiar for desse faggruppene.
ArbeidsoppgåverAdministrere ventelister
Pasientadministrative oppgåver: koordinering, elektronisk handtering av post, dokumentasjonsarbeid, tilvisingar, ventelister, timeoppsett og telefonarbeid
Registrering i vårt datasystem Helseplattformen
IKAP prosedyrar
Koordinere elektive innleggingar på sengeposten og nyfødt intensiv
Kontroll på styringsinformasjon
Ordinert sekretærarbeid, samarbeid med sekretærane i poliklinikken
KvalifikasjonarErfaring som helsesekretær er ønskeleg, evt. anna relevant helsefagleg utdanning/erfaring
Erfaring som pasientkoordinator
Medisinsk forståing/kompetanse for ulike prosedyrar
Arbeidserfaring frå sjukehus og innehar ei forståing for pasientflyten i eit sjukehus
Du har gode datakunnskapar
Efaring med Helseplattformen
Du viser gode framstillingsevner, - både munnleg og skriftleg er nødvendig
Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk
Personlege eigenskaparDu har god serviceinnstilling til kollega, pasientar og pårørande
Du er fleksibel og handterar variasjon i arbeidsmengde og arbeidsoppgåver
Du er strukturert, nøyaktig og har god orden
Du kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
Du har ei positiv haldning til varierte arbeidsoppgåver
Du har gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilseting
Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
KontaktinformasjonIngvill Hareide, Seksjonsleiar, Ingvill.Hareide@helse-mr.no
ArbeidsstadÅsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5175578987
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Søknadsfrist: 20.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.