UX- og Interaksjonsdesigner
Statsforvalterens fellestjenester
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 24. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Engasjement
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vere med å forme framtidas digitale tenester for offentleg sektor?
Kvar dag bruker innbyggjarar, kommunar og offentleg tilsette digitale tenester som påverkar viktige prosessar i samfunnet. No søkjer vi ein erfaren UX-/interaksjonsdesignar som vil vere med å skape betre brukaropplevingar, enklare arbeidsprosessar og meir samanhengande digitale tenester.
I Statsforvaltarens fellestenester (STAF) utviklar vi digitale fellesløysingar for alle dei ti statsforvaltarane i landet. Vi ser etter deg som brenn for brukarsentrert design, som trivst i tverrfaglege team, og som ønskjer å gjere komplekse problem enkle å forstå og bruke.
Dette engasjementet gir deg høve til å arbeide med heile designprosessen, frå innsikt og brukartesting til prototypar og ferdige løysingar. Du vil samarbeide tett med utviklarar, arkitektar, prosjektleiarar og fagressursar, og få høve til å påverke utviklinga av sentrale digitale tenester for offentleg sektor.
Stillinga er eit 12 månaders engasjement. Arbeidsstad er i Bergen eller Leikanger. Arbeidsstad i Oslo kan vurderast.
Hos oss vert du del av eit utviklingsorientert og inkluderande miljø. Det er låg terskel for å dele tankar og idear og du vil få stor påverknad i vidareutviklinga av tenestene våre.
Dette får du jobbe med
Som UX-/interaksjonsdesignar får du ei sentral rolle i utviklinga av digitale tenester som skal brukast av tilsette i statsforvaltninga, kommunar og andre aktørar.
Du vil vere med på å forme heilskaplege løysingar og bidra til at brukarane får enkle, intuitive og effektive digitale opplevingar.
I denne rolla vil du mellom anna:kartleggje og forstå brukarbehov, arbeidsprosessar og informasjonsflyt
omsetje innsikt til brukarreiser, arbeidsflytar og digitale løysingar
lage skisser, wireframes og klikkbare prototypar som grunnlag for utvikling
planleggje og gjennomføre brukartesting, intervju og workshopar
bidra til vidareutvikling av designsystem, designprinsipp og arbeidsmetodar
identifisere felles behov og sikre samanheng på tvers av tenester og fagområde
sikre at løysingane er universelt utforma og tilgjengelege for alle
samarbeide tett med utviklarar, arkitektar, prosjektleiarar og fagressursar gjennom heile utviklingsløpet
Andre oppgåver kan påreknast.
Kvalifikasjonar
Du har erfaring med å utvikle digitale tenester basert på brukarane sine behov og trivst i skjæringspunktet mellom menneske, teknologi og forretning.
Du må ha:minimum treårig høgare utdanning innan relevant fagområde. Lang og relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet.
erfaring som UX/interaksjonsdesignar
god kjennskap til brukersentrerte metoder, designprosesser og -verktøy
kunnskap om universell utforming (WCAG)
svært gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
Det er ein fordel om du òg har:dokumentert fagleg oppdatering, vidareutdanning eller sertifiseringar innan UX/design
ei portefølje som viser arbeid med brukarsentrert design
erfaring med Figma eller tilsvarande verktøy
erfaring frå smidige utviklingsprosessar
god teknologiforståing
kunnskap om offentleg forvaltning
For innplassering som seniorrådgjevar blir det lagt vekt på høg fagleg kompetanse, brei erfaring og evne til å arbeide sjølvstendig med komplekse problemstillingar.
Vi søker deg somtrivst med samarbeid og kommuniserer godt med ulike fagmiljø
evnar å setje deg raskt inn i komplekse problemstillingar og sjå samanhengar
arbeider strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
tek initiativ og bidreg til framdrift
trivst i ein kvardag der ikkje alle svara er gitte på førehand
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Løn
Stillinga er eit 12 månadars engasjement, med stillingskode 1434 rådgjevar eller stillingskode 1364 seniorrådgjevar og løn frå 692 400 til 880 000 kroner, avhengig av kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Frå lønna blir det trekt 2 prosent innskot til Statens pensjonskasse. Det er seks månaders prøvetid.
Vi tilbyr degMoglegheit til å arbeide med viktige samfunnsoppgåver som gjer ein forskjell for menneske
Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver, med gode moglegheiter for fagleg utvikling og jamleg kompetanseheving
Eit arbeidsmiljø der vi deler kompetanse og finn gode løysingar saman
Ein trygg og stabil arbeidsgivar, med fleksibel arbeidstid og sommartid
Moglegheit for delvis heimekontor
Trening i arbeidstida
Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK), med ei av dei beste pensjons- og forsikringsordningane i landet og gunstige bustadlån
Inkluderande arbeidsplass
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke som bidreg til betre oppgåveløysing. Derfor ønskjer vi medarbeidarar med ulike erfaringar, perspektiv og kompetansar. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller bakgrunn.
Slik søkjer du
Søk på stillinga og last opp vitnemål og attestar. Vi ber deg hente vitnemål frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved godkjenning frå NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).
Søkjarlister
Det er mogleg å be om unntak frå offentleg søkjarliste. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar likevel kan bli offentleggjorde, jf. offentleglova § 25. Dersom vi ikkje kan innvilge ønsket om unntak, varslar vi deg om det.
Fram til søknadsfristen kan du kontakte oss utan at namnet ditt blir registrert som søkjar.
Har du spørsmål?Ta gjerne kontakt med Elin Ljones på telefon 47835754 dersom du har spørsmål om stillinga eller ønskjer meir informasjon. Søknadsfrist: 24.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.