Helseheltar søkjast! Bli vår nye kollega ved Askvoll omsorgssenter
Askvoll kommune Askvoll omsorgssenter
- Arbeidssted
- ASKVOLL, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 8. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 5
Stillingsdetaljer
Vi søkjer etter engasjerte helsefagarbeidarar som vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen. Hos oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø med dyktige og støttande kollegaer som deler kunnskap og samarbeidar godt med mål om og skape gode dagar for bebuarane våre. Vi kan attpåtil tilby langvakter kvar femte helg etter nærare avtale. Dette i staden for ordinære vakter kvar tredje helg.
I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet. Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, difor treng vi fagpersonar med god kompetanse som ser behova i heilskap.
Askvoll omsorgssenter består av:
Kårstova – skjerma avdeling med 16 langtidsplassar og 1 avlastningsplass, samt dagtilbod for heimebuande personar med demens. Gruppa har stort fokus på miljøterapi og deltaking i bebuarane sin kvardag.
Solstova/Rask – gruppe med 16 langtidsplassar. Gruppa har stort fokus på å gi best mogleg behandling, omsorg, tryggleik og pleie.
Smia/Fløyen – gruppe med 10 plassar til korttidsopphald/rehabilitering og 6 langtidsplassar. Gruppa har stort fokus på rehabilitering og gi best mogleg behandling, omsorg, tryggleik og pleie. Tett tverrfagleg samarbeid med fysioterapeut og ergoterapeut.
Vi har følgjande ledige stillingar som helsefagarbeidarar/omsorgsarbeidarar, med arbeid etter 35,5 t/veke og på helg:
80% fast stilling på natt ved Kårstova
20% fast stilling på natt ved Kårstova
58% fast stilling på natt ved Solstova/Rask
20% fast stilling på natt ved Solstova/Rask
Helgestillingar frå 10-20% fast
Ver venleg å oppgje i søknadsteksten kva stilling du søkjer på.
Arbeidsoppgåver:
Utøve pleie til pasientar og brukarar med utgangspunkt i «kva er viktig for deg?»
Medverke til at pleiefaglege oppgåver blir utført i samsvar med gjeldande krav til kvalitet
Dokumentere og rapportere i samsvar med gjeldande retningsliner og prosedyrer
Medikamenthandtering
Delta i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid både internt i kommunen og eksternt
Medverke til god informasjonsflyt
Pliktar å halde seg oppdatert innan eige fagfelt og delta i relevante møte/opplæring
Rettleie pasientar, pårørande og tilsette, samt studentar/elevar
Medverke til eit godt arbeidsmiljø
Etaten nyttar Acos Cosdoc som dokumentasjonsverkty
Kvalifikasjonar:
Autorisasjon som helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar med fagbrev
Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Positiv, fleksibel og fagleg engasjert
Evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
Like utfordringar og er løysingsorientert
Ha evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo
Vi tilbyr:
Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
Mogelegheit for sletting av studielån på inntil 25.000 kroner årleg gjennom statleg ordning
Arbeid etter 35,5 t/veke og på helg
Mogeleghet for å jobbe langvakter kvar femte helg etter nærare avtale. I stadenfor vanlege vakter kvar tredje helg
Gode pensjonsordningar gjennom KLP
Flyttegodtgjersle ved nytilsetjing i følgje personalhandbok for Askvoll kommune
Det er krav om framlagd politiattest ved oppstart.
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.