Sjukepleiar
Kirurgisk logistikk og kontor SNR, Helse Møre og Romsdal HF
- Arbeidssted
- MOLDE, HJELSET, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 10. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Kirurgisk logistikk og kontor SNR har ledig ei 100% stilling som sjukepleiar!
Ved kirurgisk logistikk og kontor SNR på Hjelset søkjer vi etter ein engasjert sjukepleiar som ønsker ein variert og spennande arbeidskvardag.
Arbeidet vil bestå av planlegging av operasjonar innanfor ortopedi og kirurgi. Vi samarbeider tett med legar, anestesi- og operasjonspersonell for å ha ein god flyt i arbeidskvardagen der vi har høg fagleg kvalitet og pasientsikkerheit i fokus.
Du er ein engasjert sjukepleiar som liker å jobbe i eit effektivt og fagleg sterkt miljø, er engasjert og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.
Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag, startdato frå snarast!
ArbeidsoppgåverAnsvar for oppsetting av planlagte operasjonar
Pasientlogistikk og ventelistearbeid innan kirurgi og ortopedi
Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper
Bidra til kvalitetsarbeid og fagleg utvikling i avdelinga
Rapporter
KvalifikasjonarAutorisasjon som sjukepleiar, eller anna relevant utdanning
God etisk praksis, både i samhandling med pasientar og i samarbeid med kollegaer
Du må beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg
Fagleg dyktigheit og fleksibilitet i forhold til oppgåver
Evne til å jobbe i eit miljø med høg aktivitet
Interesse for logistikkflyt
Gode IT- kunnskapar
Personlege eigenskaparDu er serviceinnstilt til pasientar, pårørande og kollegaer
Du er ansvarsbevisst
Du har fleksibel haldning til nye oppgåver eller arbeidsmåtar i ulike miljø
Du har evne til å halde overblikk og forstå heilheita i seksjonen
Du har interesse for å utvikle eigen og andre sin kompetanse
Du må trivst med høg aktivitet i arbeidet
Du har vilje, interesse og evne til samarbeid med ulike yrkesgrupper
Du medverkar til å oppretthalde eit godt psykososialt arbeidsmiljø
Du er fysisk og psykisk eigna for stillinga
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
KontaktinformasjonCicilie Drågen Frendal, Seksjonsleiar, +47 48209533
ArbeidsstadOpdølvegen 4
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5200480227
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.