Hjelpemiddelteknikar
Sveio kommune
- Arbeidssted
- SVEIO, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 11. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om stillingaHjelpemiddelformidlinga høyrer til ergo- og fysioterapitenesta i Sveio kommune. Me bidreg til at innbyggjarar får hjelpemiddel som kan auka meistring og gjera kvardagen enklare. Tenesta er organisert under Helse og rehabilitering, saman med mellom anna psykisk helse og rus, bu, miljø og meistring og legetenesta.
I Sveio kommune ønskjer me at alle tenestene våre skal fungera godt saman. Me vil gjera kvardagen tryggare og meir sjølvstendig for innbyggjarane våre, uansett alder eller livssituasjon.
Me har ei ledig fast stilling på 50 prosent som hjelpemiddelteknikar. Som teknikar er du ein viktig del av kvardagen til mange menneske. Du sørgjer for at hjelpemiddel og teknisk utstyr kjem på plass heime hos innbyggjarane i kommunen. Arbeidet ditt handlar om å levera, montera, henta inn, reingjera og reparera utstyr som gjer livet enklare og tryggare for dei som treng det.
Arbeidsoppgåverta imot og distribuera hjelpemiddel frå NAV Hjelpemiddelsentral
montera, levera ut og henta inn hjelpemiddel hos innbyggjarar
utføra enklare reparasjonar, vedlikehald og reinhald av hjelpemiddel
bestilla reservar og delar til hjelpemiddel ved behov
gje praktisk rettleiing og opplæring i bruk av hjelpemiddel når terapeut ikkje har hovudansvaret
ha kontakt med innbyggjarar, samarbeidspartnarar, aktuelle fagpersonar i kommunen og NAV Hjelpemiddelsentral, både på telefon og i møte
samarbeida tett med fysioterapeutar og ergoterapeutar
registrera og dokumentera utført arbeid i kommunen sitt journalsystem og føra nødvendig statistikk
handtera tunge løft og forflytting av hjelpemiddel som ein naturleg del av arbeidet
rettleia og følgja opp personar i arbeidstrening, arbeidsutprøving, språktrening og liknande tiltak
bidra til utvikling og forbetring av tenesta
Kvalifikasjonarfagbrev innan tekniske eller mekaniske fag
god teknisk forståing
gyldig førarkort klasse B og evne til å køyre bil med manuelt gir
god IT-kompetanse og evne til å nytte digitale verktøy
gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, med god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
kjennskap til tekniske hjelpemiddel er ein fordel, men ikkje eit krav
god fysisk form, då arbeidet inneber tunge løft
godkjend politiattest
Personlege eigenskaparpositiv, fleksibel, trygg og løysingsorientert
evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
ansvarsbevisst, inkluderande og imøtekommande
tek initiativ og trivst med høgt arbeidstempo
evne til å handtere og strukturere varierte arbeidsoppgåver
ser og forstår verdien av godt tverrfagleg samarbeid
gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og inkludering av personar i arbeidstrening
personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt
Vi tilbyrgode høve for fagleg og personleg utvikling
gode pensjons- og forsikringsordningar
tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
løn etter gjeldande lov- og avtaleverk
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.