Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Fagansvarleg

Nav Bergen sentrum // avdeling arbeidsavklaringspenger

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
1. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Nav Bergen Sentrum søkjer ein engasjert fagansvarleg til avdeling arbeidsavklaringspengar. Stillinga er delt mellom fagansvar (50 %) og sakshandsaming og klage (50 %), og er ei sentral rolle i både fagutvikling og brukaroppfølging. Du vert ein del av ei avdeling med 15 tilsette med ansvar for sakshandsaming av arbeidsavklaringspengar (AAP) der kvalitet, faglege vurderingar og effektiv sakshandsaming står sentralt. Avdelinga har ansvar for sakshandsaming av søknader om arbeidsavklaringspengar frå heile Bergen. Du vil difor ha ein sentral rolle i å utvikle godt samarbeid med andre einingar for å sikre heilskaplege og effektive prosessar. Nav Bergen sentrum er regionkontor i Nav region Bergen og bydelskontor for Bergenhus og Årstad bydel. Vi held til i moderne kontorlokale med utsikt over Store Lungegaardsvann, nært bybanen, og har over 300 engasjerte tilsette. Hos oss møter du kollegaer med ulik bakgrunn og kompetanse, sterke fagmiljø og eit arbeidsfellesskap som er oppteke av læring, samarbeid og utvikling. Saman jobbar vi for å løyse eit viktig samfunnsoppdrag og gjere ein forskjell for menneske og samfunn. Hjå oss får du moglegheita til å bidra til kvalitet og utvikling av eit viktig fagområde i Nav, med eit viktig samfunnsoppdrag og eit sterkt fagleg fellesskap.                                    Kva går jobben ut på?sakshandsame i Nav sine fagsystem etter gjeldande lovverk delta aktivt  i fagmøte og halde deg oppdatert på fagområdet sikre informasjonsdeling og kompetanseoverføring til resten av avdelinga/lokalkontora fagleg støtte for leiar og kollegaer vere ein pådrivar for opplæring og fagleg utvikling av våre tenester kontakt med samarbeidspartnarar delta i utviklingsarbeid Nav er i stadig utvikling, så variasjon og endringar i arbeidsoppgåvene må påreknast.  Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Du må ha fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet. god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk god kunnskap om regelverket for arbeidsavklaringspengar   Det er ein fordel om du har erfaring frå sakshandsaming og rettleiing erfaring med å bruke digitale verktøy/Nav sine fagsystem  Kven er du?ein pådrivar og støttespelar gode samarbeidsevner og evne til å skape engasjement og motivasjon for endring evne til å arbeide sjølvstendig og til å ta faglege avgjersler i vanskelege saker  Kvifor velje oss?meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig arbeidsområde eit fagmiljø som er oppteke av tenesteutvikling og ambisiøse mål fleksitidsordning med moglegheit for hybrid arbeidskvardag og ein time trening i arbeidstida stillinga blir plassert i stillingskode 1364 seniorrådgjevar. Lønsspennet er frå kr. 694 000 til 760 000. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.  god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse     Les meir om Nav som arbeidsgivar KontaktinformasjonSiv Jorunn Krakk Aga, Avdelingsleiar, 934 01 494 ArbeidsstedMøllendalsveien 8 5009 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav Referansenr.: 5174239993 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.