Spesialrådgjevar - avdeling tilskot
Bufdir (100001)
- Arbeidssted
- OSLO
- Publisert
- Søknadsfrist
- 25. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om stillinga og arbeidsstadenBufdir, avdeling tilskot, har ledig ei 100 % fast stilling som spesialrådgjevar.
Bufdir forvaltar tilskot til frivillige organisasjonar, stiftingar, kommunar og andre aktørar. Tilskotsordningane er mellom anna retta mot barn og unge, familiar og par, likestilling, deltaking, ikkje-diskriminering, inkludering og vald i nære relasjonar.
Kva får du jobbe med hjå oss?
Arbeidsområdet er knytt til Bufdir si tilskotsforvalting. Stillinga er nyoppretta, og vil ha oppgåver og ansvar både operativt og strategisk på tilskuddsområdet. Nokre oppgåver vil være overordna, men kan òg vere knytt til tilskotsordningar på fleire av Bufdir sine fagområder. Stillinga krev nær dialog og samarbeid med avdelingsdirektør.
Kollegaene dine har variert utdanning og erfaring. Når du jobbar hjå oss, vil du i periodar oppleve stort arbeidspress og høge krav til effektivitet, noko vi trur du vil trivast med fordi du har godt humør og tek ting raskt. Du får gode kollegaer i ei stor og spennande avdeling med eit godt arbeidsmiljø.
Kva slags bakgrunn har du?Du må ha:
relevant utdanning frå universitet eller høgskule, fortrinnsvis på masternivå
erfaring med tilskotsforvalting i staten dei seinare åra
god forvaltningskompetanse og forståing av tilskot som statleg verkemiddel
kjennskap til regelverk for økonomistyring i staten og relevant lovverk knytt til tilskotsområdet
erfaring med å vurdere/greie ut komplekse saker
særs god erfaring med bruk av elektroniske system og programvare som trengst i ein moderne arbeidskvardag. Du har òg interesse for og tankar om korleis kunstig intelligens kan endre arbeidskvardagen på tilskotsområdet framover
evne til å arbeide sjølvstendig, analysere og finne gode løysingar
erfaring med, og gjerne hatt ansvar for, samarbeid med andre for å finne gode løysingar, både internt og eksternt
særs god formuleringsevne på norsk, skriftleg og munnleg
Vi legg vidare vekt på:
erfaring med å formidle problemstillingar, løysingar og resultat
erfaring og kompetanse frå nokre av fagområda der Bufdir forvaltar tilskot
at du har rapportert til og er vant til dialog med overordna organ (til dømes departement)
erfaring frå eller kjennskap til frivillige organisasjonar og dei som jobbar for og med våre målgrupper
erfaring med rettleiing, informasjonsarbeid, kontrollarbeid og budsjett/rekneskap
erfaring med sakshandsaming av søknadar og rapportar, kontroll av rekneskap, samt oppfylging av dei som får tilskot (råd og rettleiing)
god forståing for statlege budsjettprosessar og styring
relevant erfaring og kompetanse med programvare vi nyttar i Bufdir generelt, og i tilskotsforvatninga spesielt
Kva for person ser vi etter?Vi ser etter ein trygg og sjølvstendig spesialrådgivar med svært god vurderingsevne. Du evnar å setje deg raskt inn i komplekse problemstillingar, sjå samanhengar og skilje det vesentlege frå det mindre vesentlege. Du er samstundes effektiv i å få unna det som trengs av meir rutinemessige oppgåver.
Du tek ansvar for å drive saker og prosessar framover og trivst med å arbeide både sjølvstendig og saman med andre. Du er strukturert og kvalitetsmedviten, samstundes som du har ei pragmatisk tilnærming og er oppteken av å finne løysingar som fungerer i praksis.
Rolla krev gode samarbeidsevner og evne til å skape tillit og få gjennomslag på tvers av fagområde. Vi ser også etter deg som er trygg nok til å utfordre etablerte vurderingar og gi tydelege, konstruktive faglege råd til både leiarar og kollegaer.
Du har òg god organisasjonsforståing og evnar å sjå faglege problemstillingar i ein større samanheng.
Kva får du hjå oss? Har du lese heilt hit, vonar vi at jobben er interessant for deg. Sidan vi er eit direktorat, kan vi ikkje tilby deg firmabil og bonusar. Men til gjengjeld får du vere med på å løfte oss slik at vi kan gje utsette grupper, barn, unge og familiar eit endå betre tilbod, og det meiner vi har stor verdi i seg sjølv. Men du får sjølvsagt òg løn! Nøyaktig kor mykje du får i året, kjem an på kvalifikasjonane dine, men ho vil liggje mellom 800 000 - 950 000 kroner. For spesielt kvalifiserte søkare kan høgare løn vurderast. Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1220 spesialrådgjevar.
I tillegg får du alle goda ved å vere tilsett i staten, det vil mellom anna seie fleksitid og sumartid, og dessutan høve til å trene i arbeidstida. Du får òg medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.
Opplysningar til deg som søkjarVi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
Stillinga er for tida lagd til avdeling tilskot.
Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
Prøvetid i samsvar med statsansatteloven.
Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kva skal søknaden din innehalde? For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik.
Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.