Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Tannlege

IDI-TH - Åsane klinikkområde, Vestland fylkeskommune

Arbeidssted
BERGEN, ULSET, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
20. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Åsane tannklinikk har ledig eit vikariat i 100% stilling som tannlege. Oppstart snarast mogleg.  Åsane tannklinikk har til saman 16 tilsette: 6 tannlegar, 3 tannpleiarar og 7 tannhelsesekretærar. Klinikken er lokalisert på Åsane vidaregåande skule, som ligg sentralt i bydelen (mellom Åsane senter og Horisont). Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar. Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland. Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland. ArbeidsoppgåverDu utfører klinisk arbeid for alle pasientgrupper. Du held deg fagleg oppdatert og følger gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt jobber for å nå måla til Vestland tannhelseteneste. Du deltar i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling, samt andre felles oppgåver for drift av klinikken. KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som tannlege Behersker norsk som arbeidsspråk, skriftleg og munnleg Godkjend politiattest Personlege eigenskaparDu likar å arbeide med menneske og har alltid pasienten i fokus. Du kan samhandle med ulike pasientgrupper. Du kommuniserer godt og har evne til å skapa gode relasjonar til pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar. Du trivst med å jobbe i team og er aktivt med på å skape eit godt arbeidsmiljø. Du arbeider systematisk, strukturert og planmessig for å nå måla våre. Du er nysgjerrig og interessert i fagleg utvikling, du deler også kompetanse med andre. Vi tilbyrEin meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar Eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse Etterutdanning og kurs for fagleg og personleg utvikling Løn etter avtale, for nyutdanna er årsløna for tida kr 660.000,- Gode offentlege pensjons - og forsikringsordningar KontaktinformasjonMartine Aksnes-Aarlie, klinikkleiar, 90036717, martine.aksnes-aarlie@vlfk.no ArbeidsstadÅsane Senter 52 5116 Ulset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5079727190 Stillingsprosent: 100% Vikar Sluttdato: 31.08.2027 Søknadsfrist: 20.09.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.