Nattevakt - Helsefagarbeidar
Bjørgvin DPS/ C1 Tertnes døgnbehandling, Helse Bergen HF
- Arbeidssted
- BERGEN, TERTNES, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 10. nov. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du jobbe innan psykisk helsevern?
Ved Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS), C1 Tertnes døgnbehandling, har vi ledig ei fast 40% stilling som helsefagarbeidar på natt, med oppstart frå januar 2027 eller etter avtale.
C1 er ein open allmennpsykiatrisk døgnpost med 15 sengeplassar. Vi tilbyr utgreiing, behandling og stabilisering til vaksne pasientar med ulike psykiske lidingar. Behandlinga er tverrfagleg og tar utgangspunkt i den enkelte pasienten sine behov, ressursar og mål.
Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø der samarbeid, tryggleik og god pasientbehandling står sentralt. Vi har per i dag ei turnusordning med arbeid kvar fjerde helg ved C1.
ArbeidsoppgåverMiljøterapeutisk arbeid og oppfølging av pasientar med psykiske lidingar
Bidra til tryggleik, stabilitet og gode rammer for pasientane under opphaldet
Observere og vurdere pasientane sin psykiske og fysiske helsetilstand, og formidle relevante observasjonar til ansvarleg behandlingspersonell
Delta i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasientane
Utføre praktiske og pasientretta oppgåver i tråd med gjeldande rutinar og eige kompetanseområde
Dokumentere helsehjelp i elektronisk pasientjournal
Bidra til eit godt arbeidsmiljø og aktivt delta i kvalitets- og forbetringsarbeid
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar
Erfaring frå psykisk helsevern er ønskjeleg, men ikkje eit krav
Erfaring frå døgnbehandling, miljøterapeutisk arbeid eller tilsvarande pasientretta arbeid er ein fordel
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Grunnleggjande digitale ferdigheiter og evne til å bruke elektroniske dokumentasjonssystem
Personlege eigenskaparDu er trygg, roleg og omsorgsfull i møte med menneske i krevjande livssituasjonar
Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Du arbeider strukturert og ansvarsmedvite, og kan gjere sjølvstendige vurderingar innanfor eige ansvarsområde
Du er fleksibel og kan handtere både føreseielege og uventa situasjonar
Du bidreg positivt til arbeidsmiljøet og deler kunnskap og erfaringar med kollegaer
Du møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt, openheit og profesjonalitet
Vi tilbyrEi fast 40 % nattstilling ved Bjørgvin DPS C1
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og erfarne kollegaer
Eit meiningsfylt arbeid med oppfølging og behandling av menneske med psykiske lidingar
Varierte arbeidsoppgåver og høve til fagleg utvikling
Opplæring og rettleiing tilpassa erfaring og kompetanse
Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonJulie Christine Løseth Silver, Ass. seksjonsleiar, 90624772
Øyvind Thomassen, Seksjonsleiar, 91810934
ArbeidsstadTertnesveien 37
5113 Tertnes
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5193897345
Stillingsprosent: 40%
Fast
Søknadsfrist: 10.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.