Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Sommarvikar

Medisinsk poliklinikk Lærdal sjukehus, Helse Førde

Arbeidssted
LÆRDAL, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
17. jan. 2027
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du ha ein variert og lærerik sommarjobb i eit triveleg fagmiljø? Medisinsk poliklinikk ved Lærdal sjukehus har ledig eit sommervikariat i perioden 21.06.2027–22.08.2027. Stillinga kan vere aktuell for autorisert sjukepleiar, sjukepleiarstudent, medisinstudent eller helsefagarbeidar. Poliklinikkane tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar innan hjartesjukdommar, mage- og tarm sjukdommar, infusjonsbehandling, lungesjukdommar og ortopedi. Lærdal sjukehus er lokalsjukehus for kommunane i Indre Sogn. Lærdal ligg innerst i Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo og Bergen. Her er det flott vestlandsnatur i nærleiken som kan brukast heile året. Ved fjorden er det flotte forhold for båtliv, kano/kajakk, bading, sauna og klatring.  Lærdal og nabokommunane har i løpet av sommaren fleire festivalar, mellom anna Jordeplerock, Målrock, Kom heim-festival og Fresen. Her er òg treningsstudio, kafear og kino. Velkomen til Lærdal! ArbeidsoppgåverPoliklinisk omsorg på alle fagområda. KvalifikasjonarAutorisert sjukepleiar  Sjukepleiarstudentar, medisinstudentar og helsefagarbeidarar vert også oppmoda om å søkje Erfaring frå sjukehus er ønskjeleg Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg Erfaring med bruk av DIPS er ein fordel  Personlege eigenskaparDu har motivasjon og interesse for fagfelta Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik Du må ha evne til systematisk arbeid  Vi tilbyrVarierte og spennande arbeidsoppgåver Opplæring Lønn i samsvar med gjeldende overenskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Trivelig arbeidsmiljø Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonAnja Myklemyr, Einingsleiar Medisinsk poliklinikk, (+47) 975 38 392 ArbeidsstedSjukehusvegen 9 6887 Lærdal Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5201420345 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 21.06.2027 Sluttdato: 22.08.2027 Søknadsfrist: 17.01.2027
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.