Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Tannhelsesekretærstillingar ved Ålesund kompetanseklinikk

Ålesund kompetanseklinikk [aalesund_kompetanseklinikk], Møre og Romsdal fylkeskommune

Arbeidssted
ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
20. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

Vil du bli ein del av tannhelseteamaet vårt på Ålesund kompetanseklinikk? Ønskjer du spennande utfordringar på ein av landets største offentlege tannklinikkar?  Blir du motivert av å jobbe for og med menneske?  Søker du eit meiningsfylt arbeid med stor variasjon og ansvar?  Vil du vere ein del av eit fagleg fellesskap som legg vekt på læring, samarbeid og tillit?  Vi har 2 ledige, faste 100 % stillingar som tannhelsesekretær ved Ålesund kompetanseklinikk. Ålesund kompetanseklinikk er ein av dei største offentlege tannklinikkane i landet, med moderne og godt utstyrte behandlingslokale sentralt i Ålesund. Klinikken tilbyr kompetansebasert behandling til prioriterte pasientgrupper, med høg vekt på kvalitet, fagleg utvikling og pasienttryggleik. Med om lag 13 000 pasientar og 40 tilsette fungerer klinikken òg som henvisningspraksis for dei offentlege tannklinikkane i Ålesundsregionen.   ArbeidsoppgåverAssistere tannlege og tannpleiar i behandling av alle pasientgrupper.  Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientar i alle aldersgrupper. Hygieneansvar og oppgåver innan smittevern. Administrative oppgåver knytte til timebestillingar, journalsystem og pasientkontakt.  Kvalifikasjonar  Norsk autorisasjon som tannhelsesekretær. Søkarar utan autorisasjon kan bli vurdert for tilsetting i stilling som assistent (st.kode 6572) dersom vi ikkje har kvalifiserte kandidatar med gyldig autorisasjon som tannhelsesekretær. God kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg. Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.   Personlege eigenskaparVi ser etter deg som: kjenner stoltheit for tannhelsefaget. trivst med å jobbe med og for mennesker. jobbar effektivt og sjølvstendig. har god samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert. ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø.  Vi tilbyrEin god jobb der du kan utvikle deg  Lønn etter tariffavtale Stor og moderne tannklinikk  Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse  Trivelege medarbeidarar og godt miljø  Introduksjonsprogram Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg  Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)  Anna Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss. Den som vil bli tilsett må levere politiattest KontaktinformasjonKaroline Stølen, 45003 Klinikkleder, 99748938 Are Kristoffer Hjeltnes, Overtannlege Ålesund kompetanseregion, 92045001 ArbeidsstadNotenesgata 6 6002 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5204967986 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 20.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.