Barnehagelærar
Norlandia Støylane
- Arbeidssted
- ULSTEIN, ULSTEINVIK, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 30.11.2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vi søkjer etter deg som er ambisiøs på vegne av barna, handlekraftig, omset teori til praksis, og som ynskjer å skape ein god barnehage til det beste for barnet og familien!
Norlandia Støylane barnehage søkjer barnehagelærar – og kanskje er det deg?
Vi leitar etter ein trygg medarbeidar som veit kor stor forskjel ein god relasjon kan gjer. Ein som har hjertet på rett stad, hovudet fullt av fag, og som drivast av å gjere barnas verden rikare – gjennom omsorg, utforsking og engasjement. Som vi sei i våre verdiar: Ein som er kompetent og nyskapande med eit stort hjerte til det beste for barnet.
Kva kan du forvente hos oss? Du får verte ein del av eit lag med høg fagleg puls og eit stort hjerte. Vi gir deg:
Eit varmt og inkluderande kollegafellesskap
Rettleiing og fagleg utvikling frå fyrste dag
Eit arbeidsmiljø som tek forskning på alvor og set kunnskap ut i livet
Nettverk med 3000 Norlandia-kollegaer over heile landet
Konkurransedyktig løn og pensjon og eige fordelsprogram
Ekstra støtte til nyutdanna
Ein kvardag fylt med variasjon, leik og ekte øyeblikk
Vi trur du lykkast hjå oss dersom du:
Brenn for å skape trygge relasjonar og god barndom
Likar å vere tilgjengeleg for barna, responsiv og deltakande
Villig til å omsetje pedagogisk teori til praksis bygt på systematikk
Ser betydninga av kvalitet og omset observasjon og refleksjon over eigen praksis til trening og handling
Støttar barns leik og læring med sensitivitet og varme
Bidreg til eit alderstilpassa pedagogisk innhald med fokus på tidleg stimulering, leik og læring
Fagleg engasjert, profesjonell og set barnets beste fyrst
Kven er vi i Norlandia Barnehagane?
Vi er ei barnehagekjede som torer å tenkje nytt. Vi jobbar systematisk med kvalitet, og brukar CLASS som verktøy for å styrke relasjonen mellom barn og vaksne. Vi er kunnskapsdrevne, varme og opptekne av at alle barn – uansett bakgrunn – skal få ein barndom prega av meistring, tryggheit og glede.
Formelle kvalifikasjonskrav
• Treårig høgskuleutdanning som barnehagelærar eller bachelor/master som barnevernspedagog, spesialpedagog, psykolog, musikkpedagog, idrettspedagog eller tilsvarande.
• Godkjent utdanning fra Utdanningsdirektoratet
• Utenlandske søkjarar må ha Bergenstest/B2 og godkjent utdanning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse - https://hkdir.no/utdanning-frautlandet
• Godkjent politiattest (ikkje eldre enn 3 månadar) må visast ved tiltreding (ref. barnehageloven §30)
Aktuelle kandidatar vil verte intervjua fortløpande, og vi gjer merksam på at stillinga kan verte besett før annonsa går ut.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.