Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Helsefagarbeidar eller aktivitør

Førebygging og meistring, Ålesund kommune

Arbeidssted
ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
20. sep. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Med utgangspunkt i eit ønske om å levere gode førebyggande tenester har Ålesund kommune samla mange av dei førebyggande tenestene i verksemd førebygging og meistring. I tillegg til seniorsenter inneheld verksemda dagtilbod for personar med demenssjukdom, geriatriske sjukepleiarar og hukommelsesteam, støttekontaktteneste, ergo- og fysioterapiteneste og teknisk hjelpemiddelservice. Verksemda har dermed eit godt fundament for god samhandling mellom ulike tenester med felles målsetting om å sørge for ein aktiv kvardag med stor grad av meistring for kvar enkelt. Stillinga er per tida knytt til Klipra seniorsenter.  Seniorsenteret er ein møteplass for seniorar og skal vere eit utgangspunkt for sosialt samvær, kulturelle opplevingar og fysisk aktivitet. Senteret har både eit ope tilbod for alle som ønsker å ta turen og eit dagtilbod med vedtaksbaserte dagplassar for dei som ikkje kan nytte senteret på eigahand. Per i dag inneber stillinga dagarbeid. ArbeidsoppgåverBidra til å utvikle seniorsenteret vidare slik at det kan fortsette å vere ein attraktiv plass å vere for seniorar Arrangere og leie aktivitetar, som f.eks. trim på senteret Ivareta både dagbrukarar og besøkande på seniorsenteret og sørge for at alle som er innom får ein god dag Målretta miljøarbeid og tilrettelegging overfor både enkeltbrukar og gruppe KvalifikasjonarDu må ha fagbrev som aktivitør eller helsefagarbeider Grunnleggande dataferdigheiter Førarkort klasse B Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. Krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådet sin nivåskala (CERF) Det er ei forutsetning at den som blir tilsett kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS). Det er også krav at personlig BankID eller IDporten kan nyttast som alternativ innlogging mot ulike digitale løysingar ved behov. Personlege eigenskaparVi søker ein medarbeidar som er kreativ, utadvent og positiv Du må vere fleksibel og løysingsorientert, ha evne til nytenking og vere glad i utfordringar Du må ha gode samarbeidsevner samstundes som du også må kunne arbeide sjølvstendig Du har interesse for aktivitet og aktivisering Du må vere personleg eigna Vi tilbyrEit godt arbeidsmiljø med trivelege og engasjerte kollegaer og ei god atmosfære Ein arbeidsplass som verdset kommunen sine verdiar: open, engasjert og modig Lønn etter gjeldande avtaleverk Pensjonsrettigheiter i KLP KontaktinformasjonSolveig Kiperberg Viddal, Avdelingsleiar, 908 25 952, solveig.kiperberg.viddal@alesund.kommune.no Camilla Almås, Verksemdsleiar, 994 93 553 ArbeidsstadFjellgata 42 6003 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ålesund kommune Referansenr.: 5174132462 Stillingsprosent: 80% Fast Startdato: 24.11.2026 Søknadsfrist: 20.09.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.