Spesialkonsulent opplæring i bedrift
Opplæring i bedrift, Møre og Romsdal fylkeskommune
- Arbeidssted
- MOLDE, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 15. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du ha ei viktig rolle i arbeidet med å dokumentere kompetansen til framtidas fagarbeidarar?
Vi søker ein vikar til laget vårt på opplæring i bedrift. Hos oss får du ei viktig administrativ rolle der du er med på å sikre at ungdom og vaksne får dokumentasjonen dei har krav på etter fullført fagopplæring. Du blir ein del av eit fagmiljø med meiningsfulle oppgåver og eit viktig samfunnsoppdrag.
ArbeidsoppgåverI hovedsak vil dine oppgåver vere knytt til administrativ behandling og utferding av dokumentasjon etter gjennomført fagopplæring.
Du vil blant anna jobbe med:
saksbehandle protokollar etter fagprøve
produsere vitnemål og kompetansebevis
bestille trykking av fagbrev
registreringar i høve godkjenning av nye lærebedrifter
registreringar i høve søknad til læreplass
Andre oppgåver kan bli tillagt avhenging av kvalifikasjonar og behov
KvalifikasjonarVi ser etter deg som har:
relevant utdanning på bachelornivå. Relevant erfaring og realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet, men du vil da få tittelen konsulent.
gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
god digital kompetanse og evne til å sette deg inn i nye system
Det er ein fordel om du også har:
kjennskap til skoleadministrative system, som Vigo og Visma InSchool
kjennskap til vidaregåande opplæring, særleg fagopplæring
erfaring med saksbehandling i offentleg forvaltning
Personlege eigenskaparFor å trivast og lykkast i stillinga trur vi at du:
er strukturert og nøyaktig i arbeidet ditt
trivst med administrative oppgåver og rutinearbeid
klarer å arbeide effektivt, også når det er fleire saker som skal behandlast
liker å samarbeide med andre og er imøtekommande
Vi tilbyrOpplæring i bedrift har det overordna administrative ansvaret for alle lærlinger, lærebedrifter og prøvenemnder, og alt som høyrer inn under desse områda.
Du får arbeide saman med våre engasjerte kollegaer i eit sterkt fagmiljø med rom for nytenking. Du kan i stor grad planlegge eigen arbeidskvardag, og vi gir deg moglegheit for kompetanseutvikling.
Som ein del av oss får du offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår gjennom medlemskap i KLP, og løn etter avtale.
Eit vikariat fram til 31. januar 2028, med moglegheit for forlenging.
Kontorstad i Molde
KontaktinformasjonMålfrid Nesje, Seksjonsleiar opplæring i bedrift , 90640200, malfrid.nesje@mrfylke.no
Hilde Aspås, Næringssjef, 97715135, hilde.aspaas@mrfylke.no
ArbeidsstadJulsundvegen 9
6412 Molde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5182353289
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 15.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.