Vil du vere med og skape trygge og gode netter for våre bebuarar?
Voss herad Område sør
- Arbeidssted
- VOSS, GRANVIN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 28. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Likar du å arbeide når alle andre søv? Me søkjer deg som ynskjer arbeid på natt og vil ha 100 % fast stilling. Du vil vera ein viktig faktor for å skapa trygge og gode netter for våre bebuarar Me treng deg!Arbeidsoppgåver:
Ivareta pleie og omsorg for bebuarane om natta
Observere og følgje opp helsetilstand og behov
Dokumentere og rapportere etter gjeldande rutinar
Samarbeide med kollegaer og andre faggrupper
Bidra til tryggleik, trivsel og god kvalitet i tenesta
Kvalifikasjonar:
Autorisasjon som helsefagarbeidar er ønskjeleg
Assistentar med relevant erfaring eller interesse for arbeid innan helse og omsorg vert oppmoda om å søkje
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Grunnleggjande digitale ferdigheiter
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
Er omsorgsfull, ansvarsbevisst og påliteleg
Kan arbeide sjølvstendig og ta gode vurderingar
Har gode samarbeidsevner
Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Voss herad tilbyr:
Ei meiningsfull og variert stilling
God opplæring og fagleg støtte
Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
Løn etter gjeldande tariffavtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lov- og avtaleverk. Det må leggjast fram tilfredsstillande politiattest før oppstart dersom stillinga krev dette.
Velkomen som søkjar – vi ser fram til å høyre frå deg!
Søknad
Voss herad ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald og inkludering. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Søk via søknadsportalen og legg ved relevante attestar, vitnemål og referansar. I samsvar med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjar verte offentleggjorde sjølv om søkjar har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.