Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Vil du vere med og skape gode dagar for andre – og få ein meiningsfull jobb kvar dag?

Kinn kommune

Arbeidssted
KINN, DEKNEPOLLEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
4. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
3

Stillingsdetaljer

Vil du gjere ein forskjell kvar dag? Bli ein del av laget på Kulatoppen omsorgssenter! ❤️ Her finn du fagleg utvikling, godt samarbeid, variert arbeid og kollegaer som bryr seg om både brukarane og kvarandre. No har vi ledige faste stillingar, vikariat og helgestillingar. Kanskje er dette din neste arbeidsplass? På Kulatoppen omsorgssenter møter du eit moderne og framtidsretta fagmiljø i heilt nye og renoverte lokale. Vi har 51 institusjonsplassar og 40 heildøgnsbemanna omsorgsbustader fordelt på 11 avdelingar. Med vår nye fløy og omfattande oppgradering framstår Kulatoppen som eit lyst, funksjonelt og profesjonelt omsorgssenter – til beste for både bebuarar og tilsette. Vi tilbyr eit breitt og variert pasienttilbod, med eiga korttids- og rehabiliteringsavdeling. Her finn du blant anna eige rehabiliteringskjøkken og takheiser på dei fleste pasientrom. Vi ligg i front på bruk av velferdsteknologi og har løysingar som Imatis samhandlingstavle, digitale arbeidslister og pasientvarsling med to-veis tale. Målet vårt er å sikre høg kvalitet i alle tenester og eit trygt og føreseieleg miljø for bebuarane. Kulatoppen har eit flott uteområde med gangveg rundt heile bygget og ei fantastisk utsikt over Måløy og omegn. Her finn du sansehage, drivhus, grillplass, bocciabane, trim- og leikeapparat, samt bær- og frukttre – alt lagt til rette for aktivitet, kvile og gode opplevingar. Vi tilbyr varierte aktivitetar gjennom heile veka, med fokus på "Kva er viktig for deg?" og personsentrert omsorg. Slik legg vi grunnlaget for meiningsfulle og helsefremjande dagar for kvar enkelt bebuar. ArbeidsoppgåverHos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du: Bidreg til at brukarane opplever meistring, tryggleik og livsglede Brukar fagkompetansen din til å finne gode løysingar i møte med ulike behov Samarbeider tett med dyktige kollegaer i eit tverrfagleg miljø Får vere med på utvikling av tenestene våre Tek del i eit arbeidsfellesskap prega av fagleg engasjement, omsorg og arbeidsglede Får moglegheit til å utvikle deg fagleg gjennom opplæring, rettleiing og refleksjon KvalifikasjonarVi søkjer: Sjukepleiarar Vernepleiarar Helsefagarbeidarar Pleiemedarbeidarar Er du elev, student eller vurderer ei utdanning innan helse? Då oppfordrar vi deg også til å søkje Kven er du ?Vi ser etter deg som: Har positive haldningar og set brukaren i sentrum Er omsorgsfull, reflektert og empatisk Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Er fleksibel, strukturert og løysingsorientert Kan arbeide både sjølvstendig og i team Ønskjer å lære og utvikle deg fagleg Ser verdien av tverrfagleg samarbeid Bidreg til eit godt arbeidsmiljø Ønskjer å vere med og utvikle framtidas helse- og omsorgstenesterKvifor velje Kulatoppen?Hos oss får du meir enn ein jobb. Du blir ein del av eit engasjert lag som kvar dag arbeider for å skape tryggleik, meistring og livsglede for brukarane våre. Vi kan tilby: Spennande og varierte arbeidsoppgåver God opplæring og tett oppfølging Dyktige og inkluderande kollegaer Fagleg utvikling og kompetanseheving Kompetanseløn Etisk refleksjon og fagleg samarbeid Gode pensjons- og forsikringsordningar Løn etter gjeldande tariffavtale Ryddige arbeidsforhold Dette får du i tillegg: 💙 Ufaglærte kan få 100 % stilling dersom dei ønskjer å binde seg til å ta relevant utdanning. 💙 Sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus får eit ekstra årleg tillegg på kr 35 000. 💙 Vi har avtale om frivillige langvakter på 12,5 timar for dei som ønskjer dette. KontaktinformasjonTove-Lill Hjertenes, Avdelingsleiar Institusjon, 92680587, tove-lill.hjertenes@kinn.kommune.no Lise-Sofi Brunsvik, Avdelingsleiar HDO, 90156867, lise.brunsvik@kinn.kommune.no Tone Husevåg, Tenesteleiar Kulatoppen, +47 99473470, tone.husevag@kinn.kommune.no ArbeidsstadYtre Kulen 73 6718 Deknepollen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kinn kommune Referansenr.: 5168521933 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 04.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.