Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Engasjert sjukepleiar søkjast til 100 % stilling ved institusjon

Gol kommune Gol helsetun institusjon

Arbeidssted
GOL, BUSKERUD
Publisert
Søknadsfrist
30. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Gol Helsetun er eit sjukeheim med 32 plassar fordelte på korttids-, rehabiliterings- og langtidsopphald, inkludert eiga avdeling for personar med demens. Hos oss møter du engasjerte og dyktige medarbeidarar med høg fagleg kompetanse, i eit inkluderande og godt arbeidsmiljø. Stillinga inngår i turnus med dag- og kveldsvakter, samt arbeid kvar tredje eller fjerde helg med langvakter. Vi har eit tett tverrfagleg samarbeid med heimetenesta, lege, fysioterapeut, ergoterapeut og psykisk helse for å sikre heilskaplege og trygge pasientforløp. Personsentrert omsorg er grunnlaget for arbeidet vårt, og vi legg stor vekt på å møte kvar enkelt pasient med respekt, verdigheit og medverknad. Som ein del av utviklingsarbeidet ved Gol Helsetun arbeider vi med å etablere sjukepleiarteam for å styrkje den faglege kvaliteten, sikre god oppfølging av pasientane og vidareutvikle eit robust fagmiljø. Sjukepleiarar ved Gol Helsetun kan òg inngå i ordninga med støttepersonell på legevakt i samarbeid med heimetenesta. Dette gir spennande faglege utfordringar og bidreg til auka kompetanse og samhandling på tvers av tenestene. Frå 1. januar 2027 tek vi i bruk 10 nyoppussa korttidsplassar. Dette vil styrkje tilbodet vårt ytterlegare og bidra til vidare utvikling av tenestene ved Gol Helsetun. Arbeidsoppgåver • ansvar for sjukepleiefaglege observasjonar, vurderingar, tiltak og oppfølging av pasientar • bidra til å sikre fagleg forsvarlege helse- og omsorgstenester i tråd med gjeldande lovverk, retningslinjer og kvalitetskrav • samarbeide tett med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartnarar for å ivareta heilskaplege pasientforløp • vere ein aktiv bidragsytar til fagutvikling, kvalitetsforbetring og eit godt arbeidsmiljø • bidra til godt tverrfagleg samarbeid og samhandling på tvers av tenesteområde. • delta i opplæring, rettleiing og fagleg støtte til kollegaer, studentar og lærlingar. • delta i utviklinga av sjukepleiarteam ved Gol Helsetun • for sjukepleiarar er det mogleg å inngå i ei frivillig ordning som støttepersonell på legevakt i samarbeid med heimetenesta Kvalifikasjonar • autorisasjon som sjukepleiar • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, minimum nivå B1 • erfaring frå arbeid med eldre, demens, psykisk helse, palliasjon eller velferdsteknologi er ønskjeleg, men nyutdanna blir òg oppmoda til å søkje. • god digital kompetanse og interesse for bruk av teknologi som bidreg til kvalitet og utvikling i tenestene. Personlege eigenskapar • du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø • du arbeider sjølvstendig, er strukturert og tek ansvar for eigne arbeidsoppgåver • du er fleksibel og evnar å handtere ein variert og til tider hektisk arbeidskvardag • du trivst i eit arbeidsmiljø i utvikling og viser vilje til omstilling og forbetringsarbeid • du har fagleg engasjement, er utviklingsorientert og blir motivert av nye utfordringar • du bidreg aktivt til kunnskapsdeling, samarbeid og kvalitetsutvikling Personleg eignaheit vil bli vektlagd. Vi tilbyr • ein triveleg og inkluderande arbeidsplass med god opplæring, tett oppfølging og fagleg rettleiing • varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver med moglegheit til å påverke og vidareutvikle tenestene våre • gode moglegheiter for fagleg utvikling gjennom kurs, kompetanseheving og relevant hospitering • deltaking i faglege forum og tverrfaglege samarbeidsarenaer • støtte til relevant vidare- og etterutdanning • konkurransedyktige lønsvilkår, inkludert eit rekrutterings- og behaldertillegg på kr 30 000 per år ved 100 % stilling • moglegheit til å arbeide med eit breitt spekter av pasientgrupper med ulike diagnosar, funksjonsnivå og behandlingsbehov • turnusordning med arbeid kvar tredje eller fjerde helg • moglegheit til å delta i ordninga som støttepersonell på legevakt i samarbeid med heimetenesta • ein arbeidsplass i utvikling, med satsing på personsentrert omsorg, fagutvikling, sjukepleiarteam og velferdsteknologi • eit godt og engasjert fagmiljø med dyktige kollegaer og høg kompetanse • flotte naturopplevingar rett utanfor døra, med gode moglegheiter for friluftsliv, turar, sykling, ski og andre aktivitetar året rundt For stillinga gjeld • tilsetjing etter gjeldande lov- og avtaleverk • pensjonsordning i KLP • arbeid på dag og kveld • gratis trening på treningssenter Anna Gyldig politiattest må leggjast fram. Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med til eit eventuelt intervju. Send søknad Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom rett e-postadresse er registrert i søknaden. Søknadsfrist: 30.11.26 Aktuelle kandidatar blir vurderte og kalla inn til intervju fortløpande. Velkomen som søkjar til Gol Helsetun – vi gler oss til å høyre frå deg! Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.