Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Ledige helgestillingar - avdeling for personar med demens  

Osterøy kommune

Arbeidssted
OSTERØY, VALESTRANDSFOSSEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
31. des. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

Om stillingaOsterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65  plassar fordelt på tre avdelingar, med tre-fire grupper i kvar avdeling. Kvar gruppe har 9-11 pasientar. Me har eige kjøkken og eigen lege.  Me søkjer assistentar og helsefagarbeidarar til helgestillingar på avdeling for pasientar med demenssjukdom.  Det er fleire ledige helgestillingar i stillingsstorleiken 16,67% og 17,14%, med arbeid kvar tredje helg, og 14,49%, med arbeid kvar fjerde helg.  I tillegg har vi et vikariat  på 21,6%, med arbeid kvar tredje helg ut 2026, med mulighet for forlenging. Før gjerne opp i søknadsteksten kva for stilling du er interessert i. På Osterøytunet nyttar vi moderne velferdsteknologiske løysingar, mellom anna nytt digitalt alarmsystem med mobile responsløysingar og RoomMate Me har fokus på utvikling, kompetansedeling og eit godt arbeidsmiljø der medarbeidarane får bidra med erfaringar og vere del av utviklinga av tenestene. Kven søkjer vi etter?Me søkjer etter deg som trives i lag med eldre! Du som er engasjert, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevne. Du må like å ha ansvar, men bør også like å spele kollegaene dine gode. Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar og dine kollegaer. Om du har eit godt humør og ei positiv innstilling er du langt på veg!  Høyres dette ut som deg - eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss!  Vi tilbyr degEi spanande og gjevande stilling God opplæring Du får samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjertevarme Moglegheit for fagleg utvikling Moglegheit til å påverke eigen arbeidplan i planlegginga av årsturnus (kvar haust) Gode pensjons- og forsikringsvilkår ArbeidsoppgåverHeilskapeleg omsorg og pleie Bistand og rettleiing ut frå pasienten sine behov Målretta miljøarbeid KvalifikasjonarFagbrev som helsefagarbeidar er ønskeleg, men andre kan også søke Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere skriftlege og munnlege norskkunnskapar gjennom bestått B2-test i norsk Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel Personlege eigenskapar vil bli vektlagde Grunnleggande IT-kunnskapar for bruk av digitale plattformer og journalsystem Andre opplysningar / Ansettelsesvilkår:  Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3md. om du får tilbod om stilling. Tilsetting skjer med 6 månaders prøvetid i samsvar med gjeldande regelverk i kommunen
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.