Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Lærar/undervisningsstilling - 100% vikariat - Sæbø skule 

Alver kommune

Arbeidssted
ALVER, SÆBØVÅGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
22. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Om stillingaDet blir ledig mellombels undervisningsstilling ved Sæbø skule i Alver kommune frå januar 2027 og fram til 31.07.2027. Stillinga kan bli tillagt kontaktlærarfunksjon.  Vikariatet kan bli forlenga utover hausten 2027 ut frå vikarbehovet ved skulen frå haust 2027. Du kan lese meir om skulen  her.  Om Sæbø skuleSæbø skule er ein 1.-7.-skule i Alver kommune, idyllisk plassert i Austmarka på Radøy (ca. 15 min. frå Knarvik).  Skulen har om lag 80 elevar, og eit engasjert personale som arbeider for å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø, prega av trivsel, meistring og fellesskap.  Med nærleik til naturen og gode uteområde legg vi til rette for aktiv læring, utforsking og utvikling for alle elevar.  Arbeidsoppgåverplanlegge og gjennomføre undervisning i tråd med gjeldande læreplanar systematisk samarbeid med kollegaer og leiing om elevane si læring og utvikling aktiv deltaking i skulen sitt utviklingsarbeid skape trygge og gode læringsarenaer der alle elevane er inkluderte Kvalifikasjonskrav Det er ønskjeleg med lærarutdanning, 1-7, 5-10 eller tilsvarande kompetanse. Kompetanse i matematikkfaget og erfaring med Individuelt tilrettelegging (ITO) er ein fordel.    Me er AlverMe får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet! Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneMe tilbyrEin meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange Tett fagleg samarbeid mellom kollegaer Oppfølging og rettleiing Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar og sjølvstende. God pensjonsordning i Statens pensjonskasse Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk Politiattest I tråd med opplæringsl § 10- 9vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.