Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Overlege psykiatri

Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde, Helse Møre og Romsdal HF

Arbeidssted
MOLDE, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
1. des. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du bli vår nye kollega?  Vi har ledig fast stilling for overlege i psykiatri frå snarast. Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde er ein vaksenpsykiatrisk døgnseksjon med 16 plassar der 2 plassar er brukarstyrte. Seksjonen har ei rekke gruppetilbod for både inneliggande og polikliniske pasientar. Vi tilstreber å ha fokus på verdibasert behandling for pasientane våre og arbeider med å implementere dette i seksjonen. Samhandling med pasient, pårørande, interne og eksterne samarbeidspartnarar er viktig i pasientforløpet.  Vi har 2 overlegestillingar, 2 psykologspesialiststillingar, fysioterapeut, 1 sosionom, 4 LIS, sjukepleiarar, vernepleiarar og hjelpepleiarar jobbar miljøterapeutisk i tett samarbeid med behandlarpersonell. Vi er tverrfagleg samansatt og tilstreber ein høg fagleg profil. Vi har eit eineståande arbeidsmiljø, og dette gjenspeiler heile seksjonen og behandlinga som vi tilbyr pasientane våre. Vi gler oss til å møte deg som skal bli vår nye kollega! Ta kontakt med seksjonsleiar for nærmare informasjon.    ArbeidsoppgåverBehandling, diagnostisering og utgreiing av pasientar Individual terapi og pårørendesamtalar Deltaking i tverrfaglege behandlingsmøter Samhandling og tverrfagleg samarbeid med kommunale tenester Deltaking i kvalitetsforbetringssarbeid Undervisning og rettleiing til primærhelsetenesta og legar i spesialisering Vidareutvikling av behandlingstilbodet Deltaking i vaktordning KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som lege Godkjent norsk spesialist innan psykiatri LIS som nærmar seg fullført spesialisering kan også vere aktuell for stillinga Erfaring frå arbeid innan vaksenpsykiatri Ønskjeleg med brei klinisk erfaring, eksempelvis innan psykisk helsevern, og/eller rusfeltet og arbeidserfaring frå sengepostar innan vaksenpsykiatrien Må meistre norsk munnleg og skriftleg godt Personlege eigenskaparDu har gode samarbeidsevner Du har gode evner til å kommunisere, både med pasientar, pårørande og kollegaer Du er fleksibel, løysingsorientert og ansvarsbevist Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo Du har evne til å samarbeide på tvers av ulike fagmiljøer Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Tilrettelegging for fagleg utvikling Varierte og spennande arbeidsoppgåver Studiepermisjon 4 mnd kvart 5. år som spesialist   Byen vår! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her KontaktinformasjonTor Nygaard, Avdelingssjef, Tor.nygaard@helse-mr.no ArbeidsstadNøisomhedvegen 12 6416 MOLDE Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5125259539 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.12.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.