Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Barnehagelærar i Selje

Selje barnehage, Stad kommune

Arbeidssted
STAD, SELJE, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
22. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Er du engasjert og omsorgsfull, og ønskjer å bidra til å skape ein trygg, kreativ og utviklande kvardag for barn? Selje barnehage er ein kjekk og inspirerande arbeidsplass, og vi har no ledig 100 % fast stilling som barnehagelærar frå 04.01.2027.  Barnehagen ligg sentralt i sentrum av Selje og har eit mangfald av barn frå ulike land og kulturar. Barnehagen har tre avdelingar, Tyttebærtua, Blåklokka og Solsikka, med om lag 50 barn og 15 tilsette. Hos oss får du vere med på å utvikle og tilpasse det pedagogiske arbeidet i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø. Vi legg stor vekt på samarbeid, fagleg utvikling og trivsel både for barn og personale. Barnehagen vår ligg i naturskjøne omgjevnader, med kort veg til hav, fjell og flotte turområde – ein perfekt plass for barn å vere ute og oppleve naturen på nært hald. Som barnehagelærar hos oss får du ansvar for å arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske arbeidet, og du vil vere ein viktig del av eit engasjert team som har barnas beste i fokus! Er du klar for å skape gode opplevingar og minner for barna, samtidig som du bidrar til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø? Vi gler oss til å høyre frå deg! ArbeidsoppgåverArbeide systematisk og målretta med det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehagen Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna Samarbeide med føresette, interne og eksterne samarbeidpartnarar Samarbeide med øvrige tilsette Rettleiingsansvar for øvrige tilsette KvalifikasjonarFor stilling som barnehagelærar er det krav om 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar/førskulelærar Andre søkjarar med fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget / helsefag eller med relevant erfaring vil verte vurderte  Personlege eigenskaparDu har gode evner til kommunikasjon på norsk, både munnleg og skriftleg Du tek initiativ og har gode evner til samarbeid og kan jobbe sjølvstendig Du har evne til å sjå det enkelte barnet Du har evne til å handtere ei større barnegruppe Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell bakgrunn, ulike livssyn og ulik sosial bakgrunn Vi tilbyrEin spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag Godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidarar Godt og nært fagleg samarbeid  Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket Gode pensjons- og forsikringsordningar Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden, og at du oppgir referansar. Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. KontaktinformasjonHeidi Løvold, Styrar Selje barnehage, 97 99 04 36, heidi.lovold@stad.kommune.no Arbeidsstad 6740 Selje Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5201924605 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.