Eksamenskoordinator (førstekonsulent)
Noregs handelshøgskole (NHH)
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 11. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om stillinga og seksjonenVi søkjer deg som er strukturert og løysingsorientert, som trivst med varierte oppgåver og høgt tempo i periodar. Du arbeider sjølvstendig, tek ansvar og har auge for detaljar utan å miste oversikta.
Som eksamenskoordinator vil du vere ein viktig del av arbeidet med å planlegge, koordinere og gjennomføre eksamenar, både digitale og papirbaserte. Du vil delta i heile eksamensprosessen, frå førebuing og gjennomføring til oppfølging i etterkant. Stillinga inneber tett kontakt med studentar, vitskapleg tilsette og kollegaer i administrasjonen, og gir deg ei brei kontaktflate på tvers av organisasjonen.
Seksjon for eksamen er ein del av Studieadministrativ avdeling. Vi er ein engasjert og humørfylt gjeng med 12 tilsette som arbeider saman for å sikre at studentane våre får ei god studieoppleving ved NHH. Vi arbeider for å utvikle og forbetre prosessar og tenester knytte til eksamensavvikling. Felles for oss er ønsket om å legge til rette for gode rammer for studentane våre.
Hovudoppgåver vil vere åplanlegge og koordinere eksamensavvikling
behandle klager på karakterar
følge opp studentar på e-post og telefon
produsere vitnemål
Andre oppgåver kan bli lagt til ved behov.
Kvalifikasjonskravhøgare utdanning, minimum bachelorgrad (relevant realkompetanse kan i nokon høve erstatte utdanningskravet)
gode digitale ferdigheiter
gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
Det er en fordel med, men ikkje må-krav:
erfaring frå studieadministrativt arbeid, studieprogram og eksamensformer
erfaring med studieadministrative program som FS og WISEflow/Inspera, samt sak/arkivsystem som P360
erfaring frå servicearbeid eller kundebehandling
Personlege eigenskaparFor å trivast i stillinga ser vi føre oss at du
likar å ha orden og oversikt, og arbeider nøyaktig
tek ansvar for eigne oppgåver og sørger for at dei blir fullførte
jobbar godt og systematisk under press, og meistrar høgt tempo med knappe fristar
beheld roen og finn gode løysingar når det oppstår uventa situasjonar
samarbeider godt med ulike menneske, bygger gode relasjonar og er tydeleg og imøtekommande
NHH tilbyrVi har eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø som fremmar trivsel og samarbeid. Vi har fleksibel arbeidstidsordning, gode forsikrings-, pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse, inkluderande arbeidsliv og velferdsgode som subsidiert trening og tilgang til bedriftshytte.
Stillinga blir lønna som førstekonsulent i stillingskode 1408 i lønnsspenn kr 520 000 - 570 000. For særleg kvalifiserte kandidatar kan høgare lønn vurderast. Det blir trekt to prosent frå lønna til Statens pensjonskasse.
Slik søker du på stillingaDet er ikkje nødvendig å sende inn søknadsbrev til denne stillinga. Vi ber i staden om at du legg ved ein oppdatert CV og svarer på screeningsspørsmåla du får innleiingsvis når du søkjer.
Det er viktig at du tydeleg beskriv i CV-en din:
arbeidsoppgåver og ansvar i tidlegare stillingar
kva slags erfaring som er relevant for denne stillinga
relevante prosjekt og resultat du har bidrege til
kva system du har arbeidd med
CV-ar med generelle eller lite konkrete beskrivingar kan gjere det vanskeleg å vurdere deg som søkjar.
Generell informasjonNHH legg vekt på mangfald. Vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte om å søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å bli unnateken frå søkjarlista. Søkjarar vil bli informerte om dette på førehand.
NHH kan gjennomføre bakgrunnssjekk av finalekandidatar i samarbeid med ekstern leverandør etter samtykke. Samtykke vert innhenta i søknadsprosessen.
Søknadsfrist: 11.10.2026.
CV, vitnemål og attestar sendast elektronisk via Jobbnorge.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.