Helsesekretær – 100 % vikariat
Austrheim kommune
- Arbeidssted
- AUSTRHEIM, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 15. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om stillingaVi søkjer ein engasjert og serviceinnstilt medarbeidar til eit eittårsvikariat som helsesekretær frå 4. januar 2027, med moglegheit for fast tilsetting. Har du annan relevant helsefagleg kompetanse, kan du òg vere aktuell for vikariatet.
Hos oss blir du ein viktig del av eit tverrfagleg arbeidsmiljø, der godt samarbeid og god pasientflyt står sentralt. Stillinga inneber varierte kontorfaglege oppgåver, bruk av digitale løysingar og arbeid med å sikre gode og effektive arbeidsprosessar i kvardagen.
Ved Austrheim legekontor arbeider det to fastlegar, to LIS1-legar og kommuneoverlege. I tillegg har kontoret tre stillingar for hjelpepersonell, fordelt på to sjukepleiarar og éin helsesekretær. Du blir dermed del av eit lite og oversiktleg arbeidsmiljø med tett samarbeid mellom ulike faggrupper.
Austrheim legekontor er ein aktiv og variert arbeidsplass med fastlegepraksis og daglegevakt. Legane ved kontoret har òg tilsynslegefunksjon ved sjukeheimen og legefunksjon ved helsestasjonen. Dette gir ein variert arbeidskvardag og eit breitt fagleg miljø.
ArbeidsoppgåverArbeidet består av relevante oppgåver ved legekontoret, mellom anna resepsjon, telefonkontakt, laboratorieoppgåver og prosedyrearbeid.
Kontorfaglege oppgåver
Medansvar for kontroll av medisinsk-teknisk utstyr
Oppfølging knytt til HELFO-registrering
Det vil vere rotasjon på ein del av oppgåvene
KvalifikasjonarKvalifikasjonskrav
Autorisasjon som helsesekretær.
Vi søkjer primært etter autorisert helsesekretær, men søkjarar med anna relevant helsefagleg utdanning og kompetanse kan òg bli vurderte.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Gode IKT-kunnskapar og god systemforståing
Ønskte kvalifikasjonar
Erfaring frå arbeid ved legekontor eller legevakt
Kjennskap til HELFO-registrering
Erfaring med Infodoc eller andre journalsystem
Førarkort klasse B
Kven ser vi etter?Vi ønskjer deg som er framoverlent og blir motivert av utviklingsarbeid. Du er serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner. Du arbeider sjølvstendig, samtidig som du trivst godt med å jobbe i team. Du er effektiv, ansvarleg og løysingsorientert. I ein aktiv og variert arbeidskvardag er du fleksibel og evnar å prioritere og omstille deg når situasjonen krev det.
Vi tilbyrDu blir ein del av eit viktig samfunnsoppdrag, der du arbeider tett på pasientar, pårørande og kollegaer.
Du får ein utfordrande, variert og spennande arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø med erfarne medarbeidarar.
Varierte arbeidsoppgåver
Moglegheit for kompetanseutvikling innan fagområdet
Moglegheit til å delta i utviklingsarbeid
God pensjonsordning gjennom KLP
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Heim til AustrheimVi bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUg
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.