Postdoktor innan kreativitet, utdanning og kunstig intelligens
Universitetet i Bergen
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 18. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Åremål
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAPostdoktorstilling Ved SLATE, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei stilling som postdoktor innan fagområda kreativitet, utdanning og kunstig intelligens. Stillinga er for ein periode på 3 år og knytt til KI-senteret AI LEARN.
Om AI LEARNAI LEARN er eit nytt nasjonalt senter som er dedikert til å styrke menneskeleg læring gjennom ansvarleg, menneskesentrert kunstig intelligens. I ei verd kor KI-system endrar måten vi lærar, arbeider, skapar, leiar og deltek i demokratiet på, tek vårt senter for seg moglegheitene og farane ved hybrid intelligens – menneske og maskinar som arbeider og lærer saman. Vårt mål er å etablere eit internasjonalt leiande tverrfagleg knutepunkt som fremmer grunnleggande forsking, ansvarleg innovasjon, robust styring og brei kapasitetsbygging. AI LEARN er eit konsortium beståande av 35 nasjonale og internasjonale partnarar frå akademia og offentleg og privat sektor.
Seks nasjonale forskingssenter for kunstig intelligens starta opp hausten 2025. Her skal forskarar samarbeide på tvers av fagfelt for å møte utfordringane i samfunnet, forstå korleis KI påverkar oss, utvikle ny teknologi og fremme innovasjon i både næringsliv og offentleg sektor. Sentra er ein del av og finansiert av regjeringa si milliardsatsing på kunstig intelligens dei neste fem åra (regjeringen.no) gjennom Forskningsrådet.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:Den som får stillinga, skal vere ein del av senteret sitt «Hybrid Intelligens cluster».
Arbeidsoppgåvene vil omfatte:
Å gjennomføre sjølvstendig forsking på samarbeid mellom menneske og AI samt kreativitet.
Å publisere forsking i internasjonale fagfellevurderte tidsskrift.
Å ha ansvar for oppfølging av leveransar knytte til klynga.
Å drive empirisk forsking (til dømes i skular, høgare utdanning eller næringsliv) for å undersøkje korleis generative AI-verktøy støttar eller avgrensar kreativitet, læring og problemløysing i miljø med fleire aktørar.
Utvikling av ein teoretisk modell som forklarar korleis team samansett av menneske og AI deltek i samskapande prosessar.
Utvikling av eit sett med praktiske ressursar (til dømes retningslinjer, workshopmateriell og opplæringspakke) for lærarar, leiarar og interessentar for å fremje hybrid kreativitet i praksis.
Å bidra aktivt til forskingsmiljøet ved senteret.
Den som får stillinga må bu og arbeide i Bergen og delta i fellesaktivitetar ved senteret.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:Du må
ha ein grad som svarar til norsk doktorgrad (ph.d.) innan læringsvitskap eller ein annan relevant samfunnsvitskapleg disiplin, eller ha levert doktorgradsavhandlinga til vurdering før søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
ha dokumentert forskingskvalitet innan AI, kreativitet og læring. Det vil særleg bli lagt vekt på publikasjonar i anerkjende internasjonale fagfellevurderte tidsskrift eller bokkapittel
ha svært gode engelskkunnskapar. Dette er nødvendig for å publisere i internasjonale tidsskrift på høgt nivå og delta på internasjonale konferansar, seminar og liknande arrangement
kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner
Det er ein fordel om du
har erfaring med å utforme empiriske studiar innan høgare utdanning og arbeidsliv
har god kunnskap om AI-verktøy, inkludert, men ikkje avgrensa til, store språkmodellar
har erfaring med å setje opp og tilpasse AI-agentar
har gode norskkunnskapar
Om postdoktorstillinga:Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å utvikle forskingsprofilen og kompetansen din slik at du kan kvalifisere deg for stilling som førsteamanuensis. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Prosjektskisse
Det skal sendast inn ei førebels prosjektskisse på 5 sider (inkludert referanseliste). Skissa skal innehalde forskingsproblem, metodikk og framdriftsplan. Dersom du blir tilsett i stillinga, vil ferdigstillinga av prosjektskissa skje i samråd med prosjektleiar (i dette tilfellet Ingunn Ness). Det er eit krav at prosjektet vert fullført i løpet av tilsetjingsperioden.
Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Vi tilbyr:Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Brutto årsløn som postdoktor (kode 1352) kr 685 900. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg høgt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert.
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:Ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkje stillinga.
CV.
Prosjektskisse på maks. 5 sider: Søkjarar må sende inn ei førebels prosjektskisse på maksimalt fem sider, inkludert referansar, som handlar om samarbeid mellom menneske og AI, kreativitet og læring i utdanning og arbeidsliv. Skissa bør gjere greie for forskingsproblem og forskingsspørsmål, teoretisk rammeverk, metodikk, venta bidrag og ein realistisk framdriftsplan for den treårige stillinga.
Vitnemål og karakterutskrift. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden, må du levere ei offisiell stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert.
Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Éin av desse må vere hovudrettleiaren for doktorgraden.
Fullstendig publikasjonsliste.
Kopiar av inntil 5 vitskaplege publikasjonar.
Søknaden og vedlegga, med stadfesta omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk, må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
forskar Ingunn Ness, SLATE, ingunn.ness@uib.no
Praktiske spørsmål knytt til søknadsprosessen kan rettast til:
administrasjonsleiar AI LEARN Jorunn Viken, jorunn.viken@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.