Lege i spesialisering, fysikalsk medisin og rehabilitering
Læring og meistring, Helse Førde
- Arbeidssted
- SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 23. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vi søkjer LIS i fysikalsk medisin og rehabilitering til eit års 100% vikariat ved Førde sentralsjukehus, oppstart snarast eller etter avtale. Stillinga er utan vaktordning.
Også legar som ventar på LIS1-teneste er velkomne til å søkje.
Er du interessert i Fysikalsk medisin og rehabilitering har vi den rette stillinga for deg. Her vil du møte eit breidt spekter av problemstillingar innan muskel- og skjelettlidingar, rehabilitering, nevrologi, smerteproblematikk og arbeidsrettet oppfølging. Du vil få høve til å følgje pasientar over tid og bidra til å gi pasientane betre funksjon, utfolding og livskvalitet etter sjukdom eller skade.
Vi tilbyr spanande og utviklande stillingar med god moglegheit til å vere med og påverke dette allsidige og spanande fagfeltet si vekst og utvikling? Her er det mogleg å bidra både i sengepost, poliklinikk, gruppebasert behandling og opplæring. Våre legar går ikkje vakt. Vi har tre overlegar og ein LIS.
I sengepost er det tett samarbeid i to tverrfaglege team med god dekning av alle relevante faggrupper, nevropsykolog etter tilvising. Sengeposten er samlokalisert med nevrologi. I vårt sjukehus opplever vi også at vegen til drøftingar og samarbeid med andre fagområder er kort.
Hos oss vil du oppleve tett samarbeid / oppfølging, gode moglegheiter for fagleg utvikling og ein arbeidskvardag prega av samarbeid, læring og faglig interesse. Du blir del av eit sterkt tverrfagleg fagmiljø og får arbeide tett med erfarne terapeutar frå ulike faggrupper. Både i klinisk arbeid, utforming av nye metodar, bruk av ny teknologi (VR), forsking og akademika har vi mykje å tilby. Det er gode sjansar for at nettopp du vil trivast godt hjå oss.
Arbeidsoppgåver og ansvar vert tilpassa di erfaring, kompetanse og faglege utvikling.
Nærområde til sjukehuset har mykje å tilby innan friluftsliv, idrett, kultur og andre opplevingar. Sunnfjord har eit rikt og variert næringsliv med gode arbeids og karrieremoglegheiter.
ArbeidsoppgåverOrdinært klinisk pasientarbeid
Deltaking i fagleg utvikling
Undervisning knytt til pasientopplæring og intern kompetanseutvikling
KvalifikasjonarLIS i Fysikalsk medisin og rehabilitering, eventuelt annan tilgrensande spesialitet
Vi søkjer legar med interesse for tverrfagleg samarbeid og erfaring frå spesialisthelsetenesta.
Legar med autorisajson som ventar på LIS1-teneste
Gode kommunikative og norskspråklege ferdigheiter
Personlege eigenskaparEngasjement for fagfeltet og pasientgruppa
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt
Vi tilbyrVitalt arbeidsmiljø med varierte oppgåver i riktig omfang
Kompetent tverrfagleg arbeidsmiljø
Stillinga er utan vaktordning
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Moglegheit for fagleg utvikling
Helse Førde kan vere behelpeleg med å skaffe bustad nær sjukehuset
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonAre Mikael Lillebø, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 873
ArbeidsstedSvanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5204450409
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 23.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.