Forretningsutviklar for etter- og vidareutdanning
NTNU - Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
- Arbeidssted
- ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 22. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Dette er NTNUNTNU er eit breiddeuniversitet med ein teknisk-naturvitskapleg hovudprofil og eit tyngdepunkt
innan profesjonsutdanning. Universitetet er lokalisert i tre byar med hovudsete i Trondheim.
På NTNU jobbar 9 000 tilsette og 43 000 studentar med å skapa kunnskap for ei betre verda.
NTNU i Ålesund består av fem institutt og har fagleg hovudprofil innanfor hav, helse, teknologi og internasjonal business.
Video: https://youtu.be/Xt-yHCN5QS0Som forretningsutviklar ved campus Ålesund, vil du fåfast tilsetting i 100% stilling ved seksjon for utdanning i Ålesund
bidra til å utvikle og styrke tilbod innan etter- og vidareutdanning ved NTNU
samarbeide tett med NTNU Ocean Training AS, NTNU Gjøvik og enhet for EVU (etter- og vidareutdanning) i Trondheim
skaffe deg god innsikt i kompetansebehov i arbeids- og næringsliv i regionen
drive med salgs- og marknadsarbeid
vere ein nøkkelperson for kompetanseplanlegging og utvikling av EVU-tilbod ved NTNU i Ålesund
Stillinga rapporterar til seksjonssjef for seksjon for utdanning ved NTNU i Ålesund. Seksjon er ein del av Avdeling for utdanning ved NTNU.
Kva gjer ein forretningsutviklar ved NTNU i Ålesund? Arbeidskvardagen din vil stort sett bestå av:
nettverksbygging og samarbeid
Oppsøke og etablere strategiske nettverk og etablere relevante samarbeid med verksemder, bransjeaktørar og andre samarbeidspartnarar.
salgs- og marknadsarbeid
Drive aktivt salgs- og marknadsarbeid for å identifisere kundebehov og utvikle nye oppdrag innan etter- og vidareutdanning.
kurs- og konseptutvikling
Utvikle og vidareutvikle kurskonsept i tett samarbeid med fagmiljø ved NTNU, med utgangspunkt i behova i arbeidslivet og kontinuerleg forbetring av etter- og vidareutdanningstilboda.
tverrfagleg samarbeid
Samarbeide tverrfagleg med institutt, fagmiljø ved NTNU og NTNU Ocean Training AS for å utvikle nye kurs, kompetansetilbod og samarbeidsmoglegheiter.
drift og kursportefølje
Sikre effektiv drift og administrasjon av kursverksemda, samt følge opp og vidareutvikle kursportefølja i tråd med behov og prioriteringar.
Kva trengs for å vere kvalifisert for stillinga? du må ha høgare utdanning tilsvarande mastergrad, relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
minimum 3-5 års arbeidserfaring etter endt utdanning
erfaring med forretningsutvikling eller anna utviklingsarbeid
god forståing for salg, marknad, kundebehov og forretningsutvikling
kjennskap til lokalt og regionalt arbeids- og næringsliv
meget god munnleg og skriftleg famstillingsevne i norsk og engelsk
Det er ein fordel om du også harerfaring frå nettverksbygging
erfaring frå etter- og vidareutdanning
leiarerfaring
kjennskap til UH-sektor
Kva personlege eigenskapar må du ha?du er proaktiv, sjølvstendig og tek initiativ
du har god forretningsforståing
du er trygg og tydeleg i kommunikasjonen
du er relasjonsorientert og god på nettverksbygging
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg vi vekt på utdanning, erfaring og personleg eignaheit, samt din motivasjon for stillinga.
Kvifor skal du velje oss? Tilsette ved NTNU har ei rekke goder og fordelar for tilsette du vil nyte godt av, i tillegg til at du som statsansatt får gunstige vilkår i Statens pensjonskasse
spennande og utviklande oppgåver i eit sterkt og internasjonalt arbeidsmiljø
opent og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
vere ein del av eit leiande internasjonalt universitet
Løn og vilkår I stillinga som rådgjevar/seniorrådgjevar (kode 1434/1364) vil du normalt lønast frå brutto kr 750 000 til kr 850 000 pr. år avhengig av
kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkarar kan ein noko høgare lønsinnplassering vurderast. Frå løna vert det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
Tilsettinga vert gjennomført etter prinsippa i statsansatteloven, og lovverk som regulerar eksport av kunnskap, teknologi og tenester. Etter
tilsettinga må du rekne med at det kan skje endringar i arbeidsområdet.
Viktig å vete om søknaden dinVi gjer merksam på at søknaden berre blir vurdert ut frå informasjonen som ligg føre ved utløp av søknadsfrist. Sørg difor for at søknaden din tydeleg syner korleis evnar og erfaringar fyll kriteria som er beskrive over.
Søknaden må innehalde:
CV, attestar og vitnemål
Dersom heile eller delar av utdanninga di er gjennomført i utlandet, ber vi deg legge ved dokumentasjon på omfang og kvalitet for heile
utdanningsløp ditt, både bachelor- og masterutdanning, i tillegg til anna høgare utdanning. Skildring av kva dokumentasjon som er naudsynt finn du her. Dersom du allereie har ein profil frå HK-dir, er det fint om du legg ved den også.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.