Tilsynsførar
Setesdal barnevern, Valle kommune
- Arbeidssted
- VALLE, AGDER
- Publisert
- Søknadsfrist
- 8. nov. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du bidra til at barn i fosterheim har det trygt og godt?
Setesdal barnevern søkjer ein tilsynsperson for barn som bur i fosterheim.
Vi ser etter ein trygg og engasjert vaksen som er god til å lytte, skape tillit og møte barn og unge med respekt.
Setesdal barnevern er ei interkommunal barnevernsteneste for Bykle, Valle og Bygland, med Valle som vertskommune.
Som tilsynsførar i Setesdal barnevern skal du føre uavhengig tilsyn med at barn får forsvarleg omsorg i fosterheimen, og at føresetnadene for plasseringa blir følgde opp. Du skal bidra til at barnet blir høyrt, og vere ein person barnet kan snakke med om korleis det har det – også om forhold som opplevast vanskelege i fosterheimen eller i kontakten med barnevernstenesta.
Det er viktig at du kan følgje barnet over tid og byggje ein trygg relasjon.
Stillinga er fast oppdrag og ledig frå d.d.
ArbeidsoppgåverPlanleggje og gjennomføre regelmessige tilsynsbesøk, som hovudregel minst fire gonger i året per barn
Snakke med barnet og leggje til rette for samtalar utan fosterforeldra til stades
Innhente relevant informasjon og vurdere korleis barnet har det i fosterheimen
Skrive rapport etter kvart tilsyn, der barnet sine synspunkt og dine eigne observasjonar og vurderingar kjem tydeleg fram
Melde frå dersom du blir uroa for barnet sin omsorgssituasjon.
Delta i nødvendig opplæring og rettleiing
KvalifikasjonarVi ønskjer at du:
har erfaring med barn og unge og evne til å skape tillit
er trygg, lydhøyr og respektfull i møte med ulike livssituasjonar
kan arbeide sjølvstendig, planleggje besøka og halde fristar
har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
har tid og kapasitet til å ta på deg oppdraget over tid
kan gjennomføre besøk på tidspunkt som passar barnet og fosterfamilien, også på ettermiddag og kveld
Relevant helse-, sosial- eller pedagogisk utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav. Personleg eignaheit og evna til å møte det enkelte barnet vil bli tillagt stor vekt. Du må kunne ivareta ei uavhengig rolle overfor barnevernstenesta og fosterfamilien. Tilknytingar som kan påverke uavhengigheita, vil bli vurderte før tildeling av oppdrag.
Det er krav om tilfredsstillande politiattest før oppstart. Tilsynspersonen har teieplikt.
Personlige eigenskaparVarm vaksen
Strukturert
Interessert og engasjert i barns oppvekstvilkår
Evne til å skape god og varm kommunikasjon og tillit
Vi tilbyrLøn etter avtale (timesbasert)
Kjøregodtgjering og utgiftsdekning ifbm besøk
Rettleiing i oppdraga
Kursing
Viktig for søknaden din:
CV og søknadsbrev skrivast i Webcruiter
Vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter. Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp.
Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
KontaktinformasjonHedda Helene Schaanning, Leiar oppvekst og barnevern, +47 47642462, hedda.helene.schaanning@valle.kommune.no
ArbeidsstadLeitebakken 31
4747 Valle
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Valle kommune
Referansenr.: 5191467243
Stillingsprosent: 3%
Fast
Startdato: 26.10.2026
Søknadsfrist: 08.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.