Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Sviland skule søkjer rektor med hjarte for elevane, blikk for framtida – og heile bygda på laget

Sviland skule, Sandnes kommune

Arbeidssted
SANDNES, ROGALAND
Publisert
Søknadsfrist
30. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Sviland skule har 140 elevar og omtrent 25 tilsette. Forutan rektor, består skuleadministrasjonen av avdelingsleiar for skule, SFO-leiar og administrasjonskonsulent.  Som rektor må du vera oppteken av trivselen til elevane og deira faglege utvikling. Du veit at dei tilsette, saman med elevar og føresette, er den viktigaste ressursen i skulen. Du jobbar for at skule og SFO skal fungera godt som ein heilskapleg organisasjon, gjennom medskaping på alle nivå. Du ser eigen skule som ein del av Sandnesskolen og bidreg til å utvikla denne vidare.  Sviland skule sin visjon er å vera «Saman om læring og glede», med fokus på trygg, raus og kreativ samhandling. Skulen vår, som ligg i naturskjønne omgivnader i hjartet av Sviland, nokre få kilometer frå Sandnes sentrum. Vi er kjent for å vere ein aktiv og spennande skule, som engasjerer heile bygda. Skulen fekk nybygg i 2021 med gymsal frå 2023, og har alle spesialrom, mykje teknisk utstyr og flott kantine som serverar mat til elevane tre gonger i veka. Av andre kjekke ting som kan nemnast, så er Sviland skule akkreditert som Erasmus+ skule. Sidan 2013 har vi delteke i prosjekt saman med skular rundt i Europa. Skulen og lærarar har motteke fleire prisar for dette arbeidet, med blant anna pris for beste E-twinning prosjekt i Norge dei tre siste åra. Vi er og opptekne av å arbeide systematisk og målretta. For tida arbeider vi hardt med å bli betre på lesing, samt ha systematisk og god uteskule. Det er viktig at ny rektor byggjer videre på desse innsatsområda. Skulane i Sandnes er organisert som sjølvstendige resultatområder. Rektor har det pedagogiske, administrative, økonomiske og personalmessige ansvaret for skulen innanfor gitte rammer. Rektor rapporterer til kommunalsjef skule og deltek i profesjonelle læringsfellesskap  med andre rektorar i Sandnesskulen.  Som rektor i Sandnesskolen står du ikkje aleine, du får oppleva at du er ein del av et leiarlag. I tillegg til skulens egen leiargruppe, blir du ein del av eit dyktig rektorlag som får god oppfølging og har tett dialog med kommunalsjef skule, skoleteamet og dei andre støttesystema (administrative og pedagogiske) i kommunen. Sandnesskolens visjon er "På LAG for livslang lærelyst" med verdiane verdsetjande, inkluderande og medskapande.      Rektor jobber både strategisk og i drift med typiske arbeidsoppgaver som dette:Leie og motivere medarbeidarar til samarbeid og målretta innsats for læringsutbytet til elevane Drive skuleutvikling, samt lede og utvikle strategien og den faglege profilen til skulen Sikre god elevmedverknad, samt eit godt samarbeid med føresatte og eksterne samarbeidspartnarar Vidareutvikle system for skulebasert vurdering Vidareutvikle eit trygt og inkluderande læringsmiljø Lede og vidareutvikle profesjonsfellesskapet til skulen Lede det pedagogiske utviklingsarbeidet Økonomistyring og resultatkontroll samt strategisk bruk av ressursane til skulen Bidra til utvikling av Sandnesskulen gjennom profesjonelle læringsfellesskap med leiarar Til denne jobben leiter vi etter ein rektor med desse kvalifikasjonaneDu har godkjend lærarutdanning og erfaring frå skuleleiing. Det er ynskjeleg med relevant skuleleiarutdanning. Kandidatar utan leiarutdanning kan verte vurderte, men då ynskjer vi at du tek utdanning snleg. Du kan vise til gode resultat knytte til utvikling av profesjonelle læringsfellesskap og skuleutvikling. Du har nok digital kompetanse til å møte framtida og er nysgjerrig på pedagogisk bruk av digital læringsteknologi. Krav om svært gode norskferdigheiter både skriftleg og munnleg. Tilfredsstillande politiattest er ein føresetnad for tilsetjing. Denne skal ikkje leggjast ved søknaden, men leverast snarast etter tilbod om tilsetjing og før tiltreding. I denne stillinga vert det krevd at du leverer eigenerklæring for tuberkulose før tiltreding. Vi benytter DNV-sertifisert testverktøy i denne rekrutteringen. Legg ved attester og vitnemål i søknaden (lastes inn som vedlegg i Webcruiter). For å lukkast og trivast hjå oss vil vi gjerne at ny rektor er slik som detteDu har eit stort engasjement og glød for skulen Du er samlande, trygg og tolmodig Du er tydeleg og synleg som rektor og motiverer til felles innsats for læring og utvikling i alle ledd Du involverer og har god gjennomføringsevne Du er modig og har ein verddsettande leiarstil overfor både interne og eksterne samarbeidspartnarar Du bør også byggje vidare på det arbeidet som er gjort innanfor skuleutvikling og system som er meinte å varare over tid Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Du har god relasjonskompetanse Elevane ynskjer ein rektor som lyttar og som kan finne på kjekke ting – tek du utfordringa? Personleg eignad er mektig i denne stillinga og vil verte vektlagt I tillegg til dyktige kollegaer og kjekke elevar så tilbyr viEin spennande og utfordrande jobb Fagleg påfyll gjennom målretta kompetanseutviklingstiltak Coaching for nye rektorar Leiarutvikling i etablerte nettverk med dyktige skuleleiarar Heim-jobb-heim-avtale Gratis symjing for alle tilsette i kommunen sine symjehallar Bedriftsidrettslag og bedriftskunstforeining God arbeidstidsordning Gode pensjons- og forsikringsordningar KontaktinformasjonHege Egaas Røen, Skolesjef, +47 41293581 Hans Skjæveland, Assisterende skolesjef, 98612343 ArbeidsstedSvilandveien 211 4308 Sandnes Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Sandnes kommune Referansenr.: 5208222955 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 25.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.