Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Rådgjevar - 100% fast- Landbruk

Alver kommune

Arbeidssted
ALVER, FREKHAUG, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
29. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Om stillingaAlver kommune har ledig ei fast 100 % stilling som rådgjevar på Landbruksavdelinga. Kommunen er ein av dei største landbrukskommunane i Vestland og har eit vidt spenn i kombinasjonen av  små og store gardsbruk, tradisjonelt landbruk og ulike bygdenæringar,  med  eit variert  landskap frå kystlynghei ved havet til frodige beiter i høgfjellet. Dette gjer at det er ein spennande stad å arbeida. Du får allsidige arbeidsoppgåver og sakstyper som gjer at du vil få ein variert kvardag . Landbruksavdelinga  ynskjer deg som vil gjere ein forskjell for landbruket.   Avdeling for landbruk har som mål å bidra til eit godt og robust landbruksmiljø. God forvaltning og fokus på innovasjon og utvikling av landbruksnæringa er viktige satsingsområde. Alver kommune opplever eit generasjonsskifte i landbruksnæringa, og fokus på informasjon og oppfølging av nye bønder er òg eit viktig satsingsområde. I dei tre kommunane er det om lag 500 aktive bønder. Store oppgåver som ligg framfor oss er klimatilpassing med spesiell fokus på agronomi,  næringsutvikling på små og store bruk og nytting av dei store skogressursane i regionen.    Alver kommune har og ansvar for landbruksoppgåver for kommunane Austrheim og Modalen. Landbruk er ei av tre einingar under tenesteområdet Arealforvaltning i Alver kommune. Me har eit tett tverrfagleg samarbeid med dei to andre avdelingane; Miljø og byggesak og Kart og oppmåling,  og med andre sektorar i kommunen.  Kontorstad er i kommunehuset på Frekhaug. Landbruksavdelinga har pr. no 6 tilsette.  ArbeidsoppgåverVi søker deg som har kompetanse, erfaring og interesse for forvaltning og utvikling av ei framtidsretta jord- og skogbruksnæring. Stillinga vil gje deg høve til å forma utviklinga for næringa i Alver og samarbeidskommunane.  Stillinga er sjølvstendig og du vil kunne påverke eigen arbeidskvardag. Stillinga omfattar både fokus på næringsutvikling og forvaltning.  Kompetanseoppbygging og rettleiing av bønder er ein viktig del av arbeidsoppgåvene. Arbeidsoppgåver som ligg til stillinga er i hovudsak:  Forvaltningsoppgåver knytt til ordningar som spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL), regionalt miljøtilskot (RMP),  organisert beitebruk (OBB) Klimatiltak i landbruket Forvaltningsoppgåver knytt til arealforvaltning,  jordlov og konsesjonslov Næringsutvikling knytt til landbruk, lokalmat, arrangera fagmøte, kurs og liknande Kontakt og rettleiing av bønder/grunneigarar Tverrfagleg samhandling med andre fagområde og samarbeidspartar i og utanfor kommunen Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga. Fagfeltet vert delt med kollegaer ved kontoret. KvalifikasjonskravVi søkjer deg som har: Relevant utdanning innan jordbruk, på agronom/agroteknikkar eller bachelornivå.  Kompetanse innanfor jord- og plantefag, husdyrbruk, miljø og kulturlandskap Gode kunnskapar om landbruk både praktisk og teoretisk God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk Erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel.  Ønskt kompetanseVi søkjer deg som:  Har interesse og engasjement innanfor fagområdet Relevant erfaring frå tilsvarande stilling Har gode samarbeidsevner Tar ansvar og kan jobbe sjølvstendig Er løysingsorientert og fleksibel Har gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg Trivst i kontakt med  bønder, grunneigarar og andre aktørar Har godt humør og ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø Du må ha førarkort.  Vi tilbyrVariasjon i arbeidsoppgåver.   Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer.  Løn etter avtale basert på utdanning og erfaring.  God pensjonsordning.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.