Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Helsefagarbeidar 70% fast stilling

Indre Sogn psykiatrisenter, Helse Førde

Arbeidssted
SOGNDAL, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
14. okt. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Indre Sogn psykiatrisenter, seksjon Døgn har ledig fast 70 % stilling som helsefagarbeidar med fagskuleutdanning i psykisk helsearbeid frå 01.03.2027.  Indre Sogn psykiatrisenter er eit moderne distriktspsykiatrisk senter (DPS) organisert i seksjonane Dag og Døgn. Seksjon Dag omfattar mellom anna allmennpsykiatrisk poliklinikk, spissa satsing på alderspsykiatri, jobbspesialistar og TSB-team. Seksjon Døgn har 13 sengeplassar og arbeider aktivt ut mot kommunane i opptaksområdet gjennom ambulant verksemd Vi er samlokalisert med Sogndal BUP, og senteret har om lag 80-90 tilsette. Du kan lese meir om senteret og tilboda våre på Helse Førde si nettside: Indre sogn psykiatrisenter. Vertskommunen er Sogndal, ein av få kommunar utanfor dei største byane som opplever sterk vekst. Eit variert arbeidsliv, gode utdanningsmoglegheiter og ein unik natur gjer regionen attraktiv for både arbeid og fritid. Her ligg tilhøva godt til rette for eit aktivt friluftsliv året rundt. Les meir om regionen her. Vi tilbyrArbeid saman med dyktige og engasjerte kollegaer i eit tverrfagleg miljø Varierte arbeidsoppgåver og ein aktiv arbeidskvardag Interne fagdagar og undervisning som gir fagleg og personleg utvikling Høve til å ta initiativ og påverke din eigen arbeidskvardag Å ta del i ein organisasjon i utvikling, med fokus på kvalitet i pasientbehandlinga ArbeidsoppgåverDu gir behandling og oppfølging til pasientar i døgnopphald, i samsvar med behandlingsplan Du samarbeider med og involverer pårørande i pasientbehandlinga Du bidreg med faglege innspel til utvikling av tenestene våre Du deltek i miljøterapeutiske aktivitetar som turar, trening, buldring, musikkterapi og sosiale aktivitetar Du samarbeider med kommunehelsetenesta, NAV og andre samarbeidspartnarar Du deltek i legemiddelhandtering etter gjeldande retningslinjer Arbeid i turnus (dag/kveld) med arbeid kvar tredje helg. Den som blir tilsett må vere innstilt på at det kan bli endringar til langvakter Personlege eigenskaparDu møter pasientar med respekt, ro og eit ope sinn Du arbeider strukturert og målretta, og finn gode løysingar i kvardagen Du trivst med å samarbeide i tverrfaglege team og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø Du kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer Du er motivert for fagleg utvikling og ønskjer å lære Personlege eigenskapar blir lagt vekt på. KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som helsefagarbeidar  Relevant fagskuleutdanning innan feltet vil bli vektlagt, men er ikkje eit absolutt krav.  Interesse for fagfeltet Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonSigrid Snitjer, Seksjonsleiar, 576 27 500 (sentral) ArbeidsstadDalavegen 29 6856 SOGNDAL Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Førde Referansenr.: 5187722269 Stillingsprosent: 70% Fast Startdato: 01.03.2027 Søknadsfrist: 14.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.