Norsk Koordineringssenter for Blodberedskap, bioingeniør/sjukepleiar
Laboratorieklinikken, Helse Bergen HF
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 18. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Helse Bergen har fått i oppdrag frå Helse Vest, på vegne av dei regionale helseføretaka, å leie eit nasjonalt arbeid med å sikre forsyningstryggleik av blod og blodprodukt i Noreg. Det er difor etablert eit koordineringssenter for blodberedskap. Norsk koordineringssenter for blodberedskap - Nokblod er lokalisert i Helse Bergen og høyrer organisatorisk til på Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin. Sentrale oppgåver for senteret er å vere eit interregionalt militært-sivilt samhandlingspunkt, etablere kurs og rutinar for sivil-militær blodberedskap, drive rådgjeving rundt utarbeiding av beredskapsplanar, logistikk, retningslinjer og prosedyrar, utvikling av blodprodukt, med meir. Senteret rapporterer til det nasjonale fagdirektørmøtet med årsplan og årsrapport.
Senteret søker etter ein positiv og engasjert bioingeniør eller sjukepleiar til eit vikariat som varer ut 2027. Stillinga er ei dagstilling på 37,5 timar per veke, med tiltreding snarast.
Bioingeniøren /sjukeplaiar vil ta del i den daglege drifta ved senteret jamfør mandat gitt av dei regionale helseføretak. Dette inkludere at du skal delta som kurshaldar/instruktør lokalt og nasjonalt og delta i etablering av nødblodgivarkorps, tappestasjonar og vandrande blodbankar. Bioingeniøren/sjukepleiaren skal også utføre arbeid tilknyttet utviklings og forskningsprosjekter som gjennomføres i senteret. Stillinga vil innebere samarbeid med helseføretak i heile landet samt med militære fagmyndigheiter. Senteret samarbeider med internasjonale partnarar i Norden og andre land.
ArbeidsoppgåverDelta i den daglege drifta ved senteret jamfør mandat gitt av dei regionale helseføretaka. Dette inkluderer blant anna operativ rolle som nasjonalt kontaktpunkt for blodberedskap og koordinering av sivil-militær blodforsyning i krise og krig
Delta i undervisning og kursing i og utanfor regionen
Delta i etablering av nødblodgivarkorps, tappestasjonar og vandrande blodbankar både sivilt og militært
Bidra i senteret sin kvalitets-, innovasjons-, forskings- og utviklingsaktivitet
Aktivt utoverretta aktivitet med samarbeidspartnarar
Reising må påreknast
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som bioingeniør eller sjukepleiar
Erfaring innan transfusjonsmedisin
Det er ønskeleg med erfaring med tapping og intervju av blodgivarar
Det er ønskeleg med erfaring med undervisning
Det er ein fordel med erfaring med prosjektarbeid og forsking og kvalitetsarbeid
Må meistre norsk og engelsk godt både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskaparPersonlege eigenskapar blir vektlagt
Du har eit godt lag med folk, og får fram det beste i dine medarbeidarar
Du ivaretar dine medarbeidarar slik at alle kan ha ein trygg og god arbeidskvardag
Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta, strukturert og er resultatorientert
Du har gode kommunikasjonsevner og arbeider godt både sjølvstendig og i team
Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
Du toler å stå i krevande situasjonar
Du viser tillit, respekt og fagleg tryggleik
Vi tilbyrLønn etter gjeldane overenskomst
Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
Eit aktivt og triveleg miljø
Høgt fagleg nivå
Kontinuerlig faglig utvikling
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonTorunn Oveland Apelseth, Seksjonsleiar, ovto@ihelse.net
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5185076048
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.11.2026
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 18.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.