Miljøterapeut vaken nattevakt
Bufetat
- Arbeidssted
- VOLDA, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 15. nov. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Om stillinga og arbeidsstadenVed Sunnmørsheimen ungdomsheim, avdeling Nygardsvegen er det no ledig 2 faste stillingar som miljøterapeut vaken nattevakt på 77 %. Stillinga har arbeid kvar tredje helg med vakter på inntil 12,5 timar.
Vi er ein spennande, utviklande og dynamisk arbeidsplass med dyktige og dedikerte fagfolk. Saman arbeidar vi for å skape dei beste rammene for ungdomar i ein vanskeleg livssituasjon gjennom risikoredusering, endring og utvikling. Har du eit sterkt hovud og eit varmt hjarte? Då er kanskje du den vi leitar etter!
Sunnmørsheimen er eit tiltak under Bufetat, plassert i Volda kommune i Møre og Romsdal. Vi har per i dag 2 avdelingar, avdeling Klatrevegen som er ei akuttavdeling, og avdeling Nygardsvegen som er ei behandlingsavdeling. Vi har ungdomar i aldersgruppa 12-18 år. Målgruppa er ungdom som er plassert etter barnevernsloven §§ 4-4, 6-1 og 6-2. I Bufetat arbeider vi med å utvikle det statlege barneverns- og familievernstilbodet for framtida, med bakgrunn i barnevernsreforma. Våre tenester skal vere godt koordinerte og kvalitetssikra slik at vi kan ta vare på dei mest utsette barna og ungdomane.
ArbeidsoppgåverHovudoppgåva er å skape ein trygg omsorgsbase for ungdomane våre, innanfor institusjonen sine rammer og forståelsemodellar.
Her er nokre av dei faste arbeidsoppgåvene som vi håper vil gje deg ein spanande og variert arbeidskvardag:
Utøve god og trygg omsorg, som bidreg til ein trygg og stabil kvardag for ungdomane våre
Ansvar for førebuing og tilrettelegging i samband med legge- og vekkesituasjonar
Ansvar for å koordinere og følgje opp oppgåver og situasjonar som oppstår i løpet av ei natt
Ansvarsvakt på natt
Skriftleg dokumentasjon, rapportering og miljøterapeutisk planarbeid
Delta i planlegging og gjennomføring av målretta aktivitetar og andre miljøterapeutiske tiltak for ungdomane
Drive målretta miljøterapeutisk arbeid og behandling innanfor Sunnmørsheimen sine faglege rammer og metodar
Utføre praktiske oppgåver ved institusjonen, med tanke på grunnstruktur og hushaldning
Kva bakgrunn har du?Vi ser etter deg som har:
Bachelorgrad innan sosialt arbeid, barnevern, sosionom eller vernepleie. Anna utdanning på bachelornivå med 180 studiepoeng kan vurderast.
Førarkort klasse B
God skriftleg og muntleg framstillingsevne på norsk
I tillegg er det ein fordel om du har:
Erfaring fra barneverninstitusjon eller anna arbeid med barn og unge
Kjennskap til traumesensitiv tilnærming, eller må kunne tileigne deg og jobbe etter prinsippa for ei traumesensitiv tilnærming
Kjennskap til rettigheitsforskriften og styrande lovverk
God IKT kompetanse, som til dømes tekstbehandling, dokumentering og journalføring
Unntaksvis kan andre søkjarar med relevant erfaring og kompetanse fra barnevernsinstitusjon eller liknande verte vurdert.
Personlege eigenskaparPå Sunnmørsheimen ser vi etter ein ny kollega med eit stort hjarte for ungdomane våre, med ei sterk evne til å vise kjærleik og eit varmt blikk. Vi arbeidar med ei sårbar gruppe, noko som krev at du kan halde ut over tid når andre har det vanskeleg. Det er viktig at du har ei god fysisk og psykisk helse, då arbeidet med målgruppa er krevjande.
Vi trur du vil trivast om du kjenner deg igjen i desse punkta:
Er roleg, trygg, tydeleg og stabil i vaksenrolla, samtidig som du set grenser og står i konflikt og vanskelege situasjonar over tid
Har eit bevisst forhold til bruk av fysisk makt og inngrep, samt til omgrep som tillit/tryggleik, relasjon og regulering i praksis
Har evnen til å aktivt delta i rettleiing og reflektere rundt eigen praksis
Har stor ansvarsevne og evner å ta initiativ på sjølvstendig grunnlag
Jobber strukturert og målretta ut frå ungdomane sine individuelle behandlingsplanar
Personlege eigenskapar og teamsamansetjing vil verte avgjerande for kven som tilsetjast.
Kva får du hjå oss?Stillingane er plassert i statlig lønnsregulativ i stillingskode 1489 miljøterapeut, 1494 sosionom, 1495 barnevernspedagog og 1508 vernepleier, kr 510 000 - 650 000 pr. år
Ved relevant videreutdanning tilsvarende minimum 60 studiepoeng, kan det ansettest i stillingskode 1510 spesialutdannet barnevernspedagog, 1185 spesialutdannet sosionom, 1509 spesialutdannet vernepleier eller 1534 spesialutdannet miljøterapeut, kr 560 000 - 700 000 pr. år.
Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå løna vert det trekt 2 % pensjonsinnskot.
I tillegg kan vi tilby ein spennande, variert og utfordrande arbeidskvardag med høgt fagleg fokus, løpande opplæring og støtte i sikkerheitstrening og aktuelt lovverk, og ei personalgruppe med eit høgt engasjement.
Hjå oss vil du også få:
Vere med på skape ein forskjell for ungdom som treng det aller mest
Ein arbeidskvardag med varierte og spennende oppgåver og utfordringar
Positive og engasjerte kollegaer med brei fagkunnskap og lang erfaring frå barnevernfeltet
Opplysningar til deg som søkjarVi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
Stillinga er for tida lagd til Sunnmørsheimen ungdomsheim, avdeling Nygardsvegen.
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av aktuelle kandidater.
Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
Prøvetid i samsvar med statsansatteloven.
Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kva skal søknaden din innehalde? For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik.
Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.