Assistent til fast helgestilling
Psykiatrisk klinikk/ Seksjon for alderspsykiatri, Helse Bergen HF
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 15. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Psykiatrisk Klinikk er ein av seks klinikkar i Divisjon psykisk helsevern. Klinikken har to avdelingar som er lokalisert i Glasblokkene på Haukelandsområdet: Avdeling psykosomatisk medisin og Avdeling spiseforstyrringar. Seksjonen er organisert under avdeling psykosomatisk medisin.
Seksjon for alderspsykiatri greier ut og behandlar pasientar med alvorlege psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år. Alderspsykiatriske lidingar er kjenneteikna ved at det er nær samanheng mellom psykiatrisk og somatisk sjukdom, og psykiatrisk sjukdom og biologiske, psykologiske eller sosiale aldringsfenomen. Døme kan vere alvorleg depresjon, psykose, invalidiserande angstliding og akutt forvirringstilstand. Seksjonen har ei døgneining med 12 sengeplassar.
Seksjonen har ledig ein 15% og ein 21% fast stilling for pleieassistent med arbeid pt. i todelt turnus kvar 3.helg.
ArbeidsoppgåverPsykiatrisk og somatisk oppfølging av pasientar i tråd med eksisterande behandlingsplanar
Legge til rette for aktivitetar og delta i desse saman med pasientane
Praktiske oppgåver knytt til dagleg drift
KvalifikasjonarStudent i utdanningsforløp innan sjukepleie, psykologi, medisin eller andre helsefagutdanningar er eit minimumskrav. Sjukepleiarstudentar blir oppmoda om å søke
Erfaring frå helsearbeid med pasientkontakt innan geriatri/psykiatri er ein fordel
Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
God IKT-kompetanse
Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna for stillinga spesielt med tanke på haldningar, motivasjon og kommunikasjon
Personlege eigenskaparKommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
Tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort
Søker aktivt råd og rettleiing og kjenner eigen kompetansegrense
Arbeider strukturert, men har samstundes evne til å vere fleksibel
Vi tilbyrEit inkluderande, tverrfagleg kollegie med spesialisert fagkompetanse
Kurs i MAP (møte med aggresjonsproblematikk)
Moglegheit for oppbygging av unik erfaringskompetanse
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonLisa Hartveit, Konst. seksjonsleiar, 41007857
ArbeidsstadHaukelandsbakken 15
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5188356632
Stillingsprosent: 15,21%
Fast
Søknadsfrist: 15.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.