Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Knappskog barnehage

Øygarden kommune Knappskog barnehage

Arbeidssted
ØYGARDEN, STRAUME, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
30. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du vere med å skape kvardagsmagi, livsglede og meistring?Knappskog barnehage søkjer ein engasjert og relasjonssterk barnehagelærar til fast 100 % stilling frå 01.11.2026. Hos oss får du arbeide i ein barnehage der naturen er ein viktig del av kvardagen, der leik og utforsking står sentralt, og der vi meiner at dei beste resultata kjem når vi samarbeider og løftar kvarandre fram. Visjonen vår er: "Saman skaper vi kvardagsmagi, livsglede og meistring." No ønskjer vi ein ny lagspelar som vil vere med å gje barna gode opplevingar, meistringskjensle og ein trygg og utviklande barnehagekvardag.   Kvifor velje Knappskog barnehage?Knappskog barnehage er ein kommunal barnehage med fem avdelingar og om lag 81 barn. Vi har eit sterkt fagmiljø med rundt 18 faste tilsette og eit tett samarbeid med spesialpedagogiske ressursar, studentar og andre fagpersonar. Barnehagen ligg i naturskjønne omgjevnader med skog, fjøre og fjell rett utanfor døra. Barna får oppleve: turar til Ulveskogen, Grottvika og Skjenet eit variert og spennande uteområde eigen gapahuk og vannrom nærleik til skulen med tilgang til bibliotek, gymsal og felles grillhytte Vi er opptekne av å utvikle framtidas barnehage og arbeider aktivt med Øygarden kommune sine satsingsområder innan: språk og kultur nærvær og inkludering inkluderande spesialpedagogikk   Arbeidsoppgåverbidra til å skape eit trygt, inkluderande og inspirerande leike- og læringsmiljø planleggje, gjennomføre og evaluere pedagogisk arbeid i tråd med rammeplan og lovverk væra ein aktiv pådrivar for fagleg utvikling på avdelinga byggje gode relasjonar til barn, foreldre og kollegaer samarbeide tett med leiargruppa og resten av personalet medverke til eit godt arbeidsmiljø prega av trivsel, engasjement og utvikling   Kven ser vi etter?Vi ønskjer oss ein barnehagelærar som ser moglegheiter, byggjer gode relasjonar og som likar å arbeide saman med andre for å skape gode dagar for barna.   KvalifikasjonarDu må ha: godkjent barnehagelærarutdanning gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg   Det er ein fordel om du har: erfaring med pedagogisk leiing erfaring frå prosjekt- eller utviklingsarbeid   Personlege eigenskaparVi legg stor vekt på personleg eignaheit. Vi ser etter deg som: er trygg, tydeleg og varm i møte med barn og vaksne er raus, inkluderande og relasjonsorientert er nysgjerrig og utviklingsorientert samarbeider godt og deler kunnskap med andre er fleksibel og løysingsorientert bidreg til eit positivt arbeidsmiljø   Vi tilbyreit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer høve til fagleg utvikling og kompetanseheving spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver gode pensjons- og forsikringsordningar ein IA-arbeidsplass som legg til rette for den enkelte medarbeidar ein arbeidsplass der natur, leik og fellesskap står sterkt  Anna:Godkjent politiattest må leggjast fram før tilsetjing   Kontaktinformasjon Nina Turøy, styrar E-post: nina.turoy@oygarden.kommune.no Telefon: 55 09 63 51 Mobil: 950 44 834 Velkomen som søkjar!         Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.