Lærar Bryne skule - 100% vikariat
Bryne skule, Time kommune
- Arbeidssted
- TIME, BRYNE, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 8. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Bryne skule er ein tradisjonsrik sentrumsskule midt i Bryne, med om lag 400 elevar. Me har dei siste åra hatt ei tydeleg satsing på inkludering og mangfald, og arbeider kontinuerleg med å utvikla eit godt læringsmiljø for alle elevar.
Dette skuleåret står systematisk fagleg utvikling og rask språkleg støtte sentralt i utviklingsarbeidet vårt.
Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt kollegium med godt humør, engasjement og høgt under taket.
Velkommen til Bryne skule!
ArbeidsoppgåverUndervisning og fagleg oppfølging i klasse og med enkeltelevar/elevgrupper. Du vil arbeida i tett samarbeid med andre kolleger og må ha gode samarbeidsevner.
KvalifikasjonarGodkjent lærarutdanning for 1.-7.trinn, med særleg vekt på godkjent undervisningskompetanse i basisfaga norsk, matte og engelsk.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskaparGode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
Du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert
Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Me tilbyrGode pensjonsordningar
Løn etter tariff
Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
KontaktinformasjonJone Siqveland, rektor, 952 69 604, jone.siqveland@time.kommune.no
ArbeidsstadOla Barkveds veg 16
4340 Bryne
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5201804869
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2027
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 08.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.