Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Spesialsjukepleiar

Alderspsykiatri poliklinikk SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Arbeidssted
MOLDE, HJELSET, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
7. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Alderspsykiatri SNR har vi ledig stilling som spesialsjukepleiar. Vi søkjer ein engasjert spesialsjukepleiar som er oppteken av høg fagleg kvalitet og har gode evner til samarbeid. Du må like å arbeide sjølvstendig og i team. Vi ønskjer ein medarbeidar som bidrar aktivt i eit utviklande og tverrfagleg miljø. Du må kjenne eigne styrkar og begrensingar nok til å trå til når det skjer noko ekstra, og til å bringe dine synspunkt inn til drøfting med kollegaer. Denne jobben kan vere krevjande kjenslemessig, og du må sjølv vite når du har behov for at nokon ser deg, og seie frå om behov for støtte, rådgjeving og påfyll.  Seksjonen vår er tverrfagleg samansett, og består av både ein sengepost og ein poliklinikk. I poliklinikken tar vi både imot pasientar til time ved sjukehuset, og vi har ambulante reisedagar til kommunane i Nordmøre og Romsdal.  Ved Alderspsykiatri SNR gir vi utgreiing- og behandlingstilbod innan målgruppene:  Personar med alvorleg psykisk liding, som debuterer etter fylte 65 år (unntaksvis også yngre)   Åtferdsmessige og psykologiske symptom ved demens (APSD)  Utgreiing av kognitiv svikt  Vi arbeider kontinuerleg med å vidareutvikle tenestene våre i tråd med pasientane sine behov. Jobben vil i tillegg til utgreiing og behandling også innebere miljøtiltak, oppfølging av pårørande og rettleiing til fastlegar og miljøpersonell i kommunane. Vi har eit godt etablert samarbeid med dei aktuelle kommunale tenestene.  Arbeidsstad er det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Sjukehuset er plassert mellom Kristiansund og Molde. Her er ein omringa av mangfoldige moglegheiter til aktivitet og rekreasjon knytt til både naturopplevingar og byliv. ArbeidsoppgåverUtgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar i vår målgruppe Samhandling med pårørande og samarbeid med kommunale tenester Vise engasjement og lojalitet til oppsette behandlingsmål og tiltak Dokumentasjon i tråd med gjeldande retningslinjer Bidra med ditt faglege perspektiv i tverrfaglege drøftingar Noko ambulant verksemd må påreknast – tenestebil vert stilt til disposisjon KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar Relevant vidareutdanning innan geriatri, psykisk helse eller rus Erfaring frå liknande klinisk arbeid er ønskjeleg Krav om god meistring av norsk skriftleg og munnleg Førarkort klasse B (personbil) Personlege eigenskaparDu er positiv og ein god relasjonsbyggjar  Du må kunne ta utfordringar på sparket og stole på deg sjølv  Du må vere omstillingsdyktig Du er fysisk og psykisk eigna for stillinga  Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Du er pasientorientert, fleksibel og løysingsfokusert Du trivast med kombinasjonen av å jobbe både sjølvstendig og i tverrfagleg team Du er oppteken av høg fagleg standard Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit arbeidsmiljø med tidvis høgt tempo Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her. KontaktinformasjonMarit Møgedal Stokkeland, Seksjonsleiar, +47 46683184, Marit.Mogedal.Stokkeland@helse-mr.no ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5176308446 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 07.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.