Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Prosjektleiar formidlingsarbeid

Rådgjevar [raadgjevar], Møre og Romsdal fylkeskommune, Ørsta vgs [orsta]

Arbeidssted
ØRSTA, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
22. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Engasjement
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Ørsta vidaregåande skule søkjer ein engasjert og utviklingsorientert prosjektleiar til eit tidsavgrensa utviklingsprosjekt finansiert gjennom Samfunnskontrakten for fleire læreplassar.  Prosjektet varer til juli 2029.  Søre Sunnmøre har eit variert og framtidsretta arbeidsliv med stort behov for dyktige fagarbeidarar. Samstundes veit vi at gode overgangar mellom ungdomsskule, vidaregåande opplæring og arbeidsliv er avgjerande for at fleire ungdomar skal finne rett utdanningsveg, få læreplass og fullføre fag- og yrkesopplæringa. Målet med prosjektet er å utvikle ein meir heilskapleg modell for karriererettleiing og overgangsarbeid frå 8. trinn og fram til fagbrev. Gjennom å styrkje samanhengen mellom skule og arbeidsliv vil vi at fleire elevar tek gode utdanningsval, blir kvalifiserte for læreplass og får ein god overgang til arbeidslivet. Som prosjektleiar får du ei sentral rolle i utvikling av framtidas yrkesfaglege opplæring på Søre Sunnmøre, og skal vere med å lage system for å bidra til at rett elev finn rett plass i skulen og seinare læreplass i arbeidslivet. Stillinga vil vere sentral i utviklinga av skulen sitt formidlingsarbeid. Prosjektleiar vil fungere som eit bindeledd mellom ungdomsskular, vidaregåande skule, bedrifter, kommunale arbeidsplassar, opplæringskontor og Opplæring i bedrift.  ArbeidsoppgåverSom prosjektleiar skal du: utvikle og koordinere ei samanhengande karriereløype frå 8. trinn til fagbrev skape tettare samarbeid mellom ungdomsskular, vidaregåande skule, arbeidsplassar og opplæringskontor bidra til å vidareutvikle skulen sitt arbeid med karriererettleiing og overgangar mellom dei ulike opplæringsarenaene lage system for arbeidet med å få fleire elevar kvalifiserte til læreplass vidareutvikle faget Yrkesfagleg fordjuping (YFF) som den viktigaste arenaen for kvalifisering til læreplass, i samarbeid med faglærarar på skulen ta ansvar for utviklinga av lokale læreplanar i YFF-faget, i samarbeid med skule og arbeidsliv bidra inn mot planlegging og gjennomføring av Karrieredagar, Open dag, Hospitering, foreldremøte og andre tiltak i karriereløypa bidra til kompetanseheving for lærarar, bedrifter og føresette om yrkesfaglege karrierevegar utvikle møteplassar for lærlingar, lærekandidatar og bedrifter arbeide aktivt for inkludering, mangfald og gode overgangar for elevar som treng ekstra støtte sikre framdrift, evaluering og rapportering i prosjektet KvalifikasjonarVi søkjer deg som har: erfaring frå opplæring, karriererettleiing, fag- og yrkesopplæring erfaring med utviklings- eller prosjektarbeid god forståing for samanhengen mellom utdanning, kompetansebehov og arbeidsliv gode samarbeids- og kommunikasjonsevner undervisningskompetanse innan eitt av programområda skulen tilbyr er ønskeleg Personlege eigenskaparVi ser etter deg som: er initiativrik og utviklingsorientert bygger gode relasjonar og skaper engasjement arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta har evne til å få ulike aktørar til å arbeide mot felles mål trivast med både strategisk utviklingsarbeid og operativ oppfølging har tru på at gode samarbeid gir fleire ungdomar moglegheit til å lukkast Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt Vi tilbyrei innhaldsrik og samfunnsviktig stilling med stor påverknadskraft høve til å forme framtidas samarbeid mellom skule og arbeidsliv på Søre Sunnmøre deltaking i utvikling av nye modellar for karriererettleiing, kvalifisering og formidling til læreplass samarbeid med engasjerte fagmiljø innan utdanning, næringsliv og offentleg sektor løn etter avtale gode pensjons- og forsikringsordningar spennande utviklingsperiode for Ørsta vidaregåande skule, på vegen mot ny lokalisering i Ørsta kultur- og kompetansesenter     KontaktinformasjonBjørnar Sæterås, Rektor, +47 47344491 Anne Marit Bae, Avdelingsleiar HO, 48126285 ArbeidsstadHolmegata 14 6153 Ørsta Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5196108171 Stillingsprosent: 100% Engasjement Startdato: 01.01.2027 Sluttdato: 31.07.2029 Søknadsfrist: 22.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.