Assistent/lærar 100 % – vikariat
Moltustranda Montessori Sa
- Arbeidssted
- HERØY (MØRE OG ROMSDAL), MOLTUSTRANDA, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- Snarest
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Moltustranda Montessori søkjer ein trygg, engasjert og fleksibel assistent/lærarvikar til skule og SFO.
Vi har ledig 100 % vikariat frå 23. oktober 2026 til 18. juni 2027. Det kan også vere mogleg å starte tidlegare, i full- eller deltidsstilling, dersom det er ønskjeleg.
Hva vi ser etter
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som:
er trygg, varm og tydeleg i møte med barn
har gode relasjonelle eigenskapar
er fleksibel og løysingsorientert
tek initiativ og ser kva som trengst
trivst med ein variert og aktiv arbeidsdag
ønskjer å bidra til eit trygt og inkluderande skulemiljø
Montessori-erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav. Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Arbeidsoppgaver
Hos oss blir du ein viktig del av kvardagen til elevane på 1.--7. trinn. Stillinga inneber mellom anna:
oppfølging av elevar i skulekvardagen
støtte i fagleg, sosial og praktisk læring
deltaking i aktivitetar ute og inne
samarbeid med lærarar og andre tilsette
arbeid i SFO.
Vi tilbyr
Vi tilbyr:
Gode lønns og pensjonsordningar
Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
Eit lite og inkluderande arbeidsmiljø
Moglegheit til å gjere ein forskjell for barn og unge
Erfaring frå ein Montessori-skule i utvikling
Moglegheit for vidare arbeid ved skulen kan vere aktuelt, avhengig av behov og elevtal neste skuleår.
Send søknad til:
post@moltustrandamontessori.no
Spørsmål om stillinga kan rettast til styremedlem Nikoline Lillestøl-Moltu på telefon 481 20 152 eller rektor Monica F. Steinsvik på telefon 930 36 809.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.