Avdelingsleiar, Avdeling for oseanografi og maritim meteorologi
Meteorologisk institutt
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 30. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om stillingaMeteorologisk institutt søkjer ny avdelingsleiar for Avdeling for oseanografi og maritim meteorologi (OM) under Havdivisjonen i Bergen.
Meteorologisk institutt varslar vêret, overvakar klimaet og driv forsking. Sidan instituttet vart etablert i 1866 har norske meteorologar stått sentralt i utviklinga av faget. Meteorologisk institutt er i dag eit leiande internasjonalt kompetansemiljø. Når vi kan formidle informasjon om vêr og klima til ulike brukargrupper er det eit resultat av arbeidet til ulike faggrupper på instituttet. Innsamling av vêrdata og handtering og effektiv analyse av store datamengder er avgjerande for å utføre desse oppgåvene. Det gjer også forståinga av korleis vi kan presentere dette for brukarane slik at dei kan gjere seg nytte av informasjonen. Meteorologisk institutt utviklar og leverer ei lang rekke nyttige tenester. Vi driv eit omfattande forskingsarbeid og leverer klimadata som mellom anna kan nyttast til å dimensjonere samfunnet for framtidig klima. Vi har ein fri og open datapolitikk som inneber at kven som helst kan bruke materialet vårt fritt og til nytte for samfunnet. Sams for alt arbeidet vårt er målet om å bidra til å sikre liv og verdiar.
Ved OM i Bergen er tryggleiken til sjøs eit overordna tema og styrande for aktivitetane til dei 14 forskarane. Vi har ansvaret for utviklinga av bølgevarslingstenestene og for dei operasjonelle beredskapsmodellane som reknar på drift av olje, skip og søk- og redningsobjekt. Vi har dei siste åra brukt mykje ressursar på å utvikle det nye klimaarkivet NORA3. Vi har eit ansvar for å gjere meteorologiske og oseanografiske data tilgjengelege for offentlege etatar samt offshoreindustrien og havvindnæringa. Desse analysane består av uttrekk av historiske klimadata av vind, bølger og stundom havstraumar og har som mål å gi eit bilete av gjennomsnittlege tilhøve og ekstremverdiar for ein gitt posisjon eller for eit større geografisk område.
Vi ser etter ein erfaren forskar med dokumentert erfaring i prosjektleiing og med lang fartstid innan operasjonell oseanografi. Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og leiarerfaring. Samarbeid med statlege etatar og institutt er ein viktig del av ansvarsområdet til avdelingsleiarane i Havdivisjonen, og kjennskap til norsk forvalting er viktig.
ArbeidsområdeStillinga byr på spennande utfordringar i eit godt miljø med høgt tempo og samarbeid med fagmiljø internt, nasjonalt og internasjonalt. I denne stillinga er det særskilde krav til norskkunnskapar då det vil vere mykje kontakt med brukargrupper i statlege institusjonar og norsk industri.
KvalifikasjonarPhD innan oseanografi, meteorologi, energi, fysikk, informatikk eller nærliggjande fagområde er ein føresetnad
Erfaring med leiing og prosjektkoordinering er ein føresetnad.
Kjennskap til operasjonell oseanografi og korleis vi distribuerer og assisterer offentlege brukarar er ein klar fordel
Kjennskap til distribusjon av modelldata gjennom THREDDS og OPeNDAP vil vere ein fordel
Meteorologisk institutt har eit internasjonalt arbeidsmiljø der både norsk og engelsk er arbeidsspråk. Gode skriftlege og munnlege
kunnskapar i engelsk er eit krav, og utanlandske søkjarar må vere villige til å lære seg norsk
Evne til å arbeide sjølvstendig, og gode samarbeidsevner er viktig og vil bli tillagt vekt
Personlig egnethet blir tillagt vekt
Vi tilbyrFaglege utfordringar i eit moderne, teknologisk miljø
Triveleg arbeidsmiljø
Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode ordningar for pensjon, forsikringar og bustadlån (les meir her: https://www.spk.no/medlemskap-i-spk/)
Løn som underdirektør 1059, kr 950 000 - 1 050 000, etter kvalifikasjonar og erfaring. Høgre lønn vil bli vurdert for spesielt godt kvalifiserte kandidatar.
MangfaldVi meiner at mangfald er ein styrke, og ynskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, arbeidserfaring, kjønn, livserfaring og perspektiv. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av etnisk bakgrunn, alder eller funksjonsevne.
Vi praktiserer positiv særbehandling, og vil kalle inn minst éin kvalifisert søkjar i kvar av desse gruppene til intervju: søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en. For å bli vurdert i éi eller fleire av desse kategoriane må du markere riktig kategori i søknaden.
Avkryssingane kan brukast til anonymisert statistikk eller rapporteringsføremål.
SøknadenSøknaden med CV og andre vedlegg skal sendast elektronisk via Jobbnorge.no. Legg ved attestar og alle sider av vitnemål. Dokumenta må vere på norsk, eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsetjingar må vere autoriserte. Før ei eventuell tilsetjing vil vi kontrollere dokumenta. Ved utanlandsk utdanning ber vi om at du legg ved ei forklaring av karaktersystemet.
Offentleggjering av søkjarlista til stillingar i offentleg sektor er eit viktig prinsipp for å sikre openheit. Dersom du ønskjer at namnet ditt vere unnateken frå søkjarlista må du sjølv be om det og gi oss ei grunngiving. For å kunne bli unnateken frå offentleg søkjarliste må grunngivinga di vege tyngre enn omsynet til innsyn i lista. Dersom vi ikkje tek anmodinga di til følgje, vil du ha høve til å trekkje søknaden.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.