Helsefagarbeidar/pleiemedarbeidar
Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune
- Arbeidssted
- GLOPPEN, SANDANE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 11. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vere med på å skape gode og meiningsfulle kvardagar?
Vi har ledig 100 % fast stilling, der 10 % av stillinga er frie timar, for helsefagarbeidar eller pleiemedarbeidar med erfaring frå målgruppa. Stillinga er knytt til Miljøarbeidartenesta, avdeling 3 (Kvitveisen og Åsateigen), som tilbyr avlasting til barn og oppfølging av vaksne i eigen heim.
Miljøarbeidartenesta yter tenester til personar med utviklingshemming og ulike bistandsbehov. Hos oss blir du del av eit tverrfagleg fagmiljø der vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar arbeider saman for å tilby tenester av høg fagleg kvalitet.
Arbeidet i desse avdelingane er retta mot personar med omfattande bistandsbehov, og arbeidet omfattar mellom anna pleie- og omsorgsoppgåver, helseoppfølging, tilrettelegging i kvardagen og miljøarbeid. Vi søkjer deg som ser heile mennesket, er løysingsorientert og ønskjer å bidra til trygge, gode og meiningsfulle kvardagar gjennom fagleg gode og individuelt tilpassa tenester.
Har du spørsmål til stillinga? Ta gjerne kontakt for ein prat.
Tilredning 01.11.26 eller etter avtale.
ArbeidsoppgåverOppgåvene er brukarretta, varierte og består mellom anna av:
Oppfølging av tenestemottakarar ut frå individuelle tiltak og behov
Pleie- og omsorgsoppgåver, praktisk bistand og helseoppfølging
Tilrettelegging og miljøarbeid
Observasjonar og dokumentasjon
KvalifikasjonarAutorisasjon som helsefagarbeidar er ønskjeleg. Pleiemedarbeidarar med relevant erfaring vil også bli vurdert
God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Grunnleggjande digitale ferdigheiter til å nytte journal- og fagsystem
Ønska kompetanse og erfaring:
Førarkort klasse B.
erfaring frå pleie- og omsorgsoppgåver, gjerne frå arbeid med personar med utviklingshemming eller omfattande bistandsbehov
Personleg eignaheit vil bli vektlagt i stor grad. Tilfredsstillande politiattest må leggast fram før tilsetting. For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar
Personlege eigenskaparDu ser heile mennesket og møter andre med respekt og omsorg
Du er trygg, ansvarsbevisst og løysingsorientert
Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Du er pådrivar for å skape ei god teneste og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyrEin meiningsfull jobb med kjekke kollegaer og moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
Ein årsturnus med langvakter på 12,5-14 timar og arbeid i gjennomsnitt kvar fjerde helg. Turnusen gir ein komprimert arbeidskvardag med lengre samanhengande friperiodar mellom arbeidsperiodane. Det er per tid også behov for enkelte dagvakter vekedagar dersom dette er ønskelig.
Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Høgskulestudentar under relevant utdanning får ekstra lønnstillegg.
Tillegg på kr 500 pr. vakt med langvakter laurdag og søndag. Årleg tillegg på kr 20.000 ved arbeid på natt.
KontaktinformasjonJulie Kristin Lothe, Avdelingsleiar miljøarbeidartenesta, 479 93 050, julie.lothe@gloppen.kommune.no
Kristine Eide Ryssdal, Tenesteleiar miljøarbeidertenesta, 911 39 159, kristine.ryssdal@gloppen.kommune.no
ArbeidsstadGrandavegen 9
6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 5181582683
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.