Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Helsefagarbeidar/hjelpepleiar

Medisin sengepost Lærdal, Helse Førde

Arbeidssted
LÆRDAL, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
12. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Ønskjer du å bu på ein liten stad med store moglegheiter? Ønskjer du å jobbe på eit lite lokalsjukehus og samtidig få stort fagleg utbytte?  Medisinsk sengepost ved Lærdal sjukehus har ledige 80 % fast stilling for helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar.  Stillinga kan ikkje delast.  Medisinsk sengepost har 14 senger, inkludert 2 overvakingssenger, og driftar for tida 2 interkommunale senger. Om lag 95 % av innleggingane er augeblikkeleg hjelp, og dei største pasientgruppene er hjarte- og infeksjonspasientar.  Lærdal er ein fin stad med store naturopplevingar rett utanfor døra, og gode turmoglegheiter for friluftsliv året rundt. Plasseringa gjer Lærdal til eit naturleg knutepunkt mellom Oslo og Bergen. Sjukehuset har ei eiga personalhytte på Filefjell. I tillegg har Lærdal vestlandets trivlegaste arbeidsplass, nemleg lokalsjukehuset.  Meir informasjon om Lærdal kommune finn du her. Ønskjer du meir informasjon om stillinga, er du velkomen til å kontakte einingsleiar - sjå kontaktinformasjon i annonsa.   ArbeidsoppgåverPasientrelatert arbeid Dokumentasjon i elektronisk pasientjournal (Meona og Dips) Ta del i oppgåver som ligg til avdelinga Samarbeid i team med andre yrkesgrupper Opplæring og rettleiing av studentar og lærlinger Utføre arbeidsoppgåver delegert av leiar Arbeide i todelt turnus med arbeid kvar tredje helg Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg. KvalifikasjonarHelsefagarbeidar/hjelpepleiar må ha godkjent norsk autorisasjon Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg  Gode IKT-kunnskapar Personlege eigenskaparDu har eit godt fagleg og verdimessig pasientperspektiv Du arbeider godt både sjølvstendig og i team Du trivst i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø Personlege eigenskapar vil bli vektlagde Vi tilbyrGod innføring og opplæring i arbeidsoppgåver Fagleg utvikling og moglegheit for vidareutdanning Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø Tilgang til personalhytte på Filefjell Hjelp med bustad (opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg) Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMarit Fossheim Ottersen, Einingsleiar, (+47) 479 06 594 ArbeidsstedSjukehusvegen 9 6887 Lærdal Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5201923979 Stillingsprosent: 80% Fast Søknadsfrist: 12.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.