Sjukepleiestudent/tilkalling/føde-barsel
Føde Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Arbeidssted
- ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 2. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Fødeavdelinga ved Ålesund sjukehus er ei spennande og aktiv avdeling, som har ca. 1200 fødslar pr år.
Vi søkjer sjukepleiarstudentar som ønskjer verdifull erfaring innan føde- og barselomsorg. Som tilkallingsvikar vil du bidra i den daglege drifta saman med jordmødrer, barnepleiarar og sjukepleiarar, og få moglegheit til å utvikle kompetanse innan kvinne- og barnehelse.
Det kan være aktuelt med arbeid på helg, i ferieperioder, samt høve for ekstravakter utover dette.
Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi du søkjer – vi gler oss til å høyre frå deg!
ArbeidsoppgåverIvaretaking av mor og barn etter fødsel
Vegleiing i amming og barnestell
Observasjonar av mor og barn
Assistere jordmor ved fødsel
KvalifikasjonarSjukepleiarstudent, gjerne frå 2. studieår eller høgare
Interesse for arbeid med gravide, fødande, barselkvinner og nyfødde
Ønskeleg med erfaring frå helsetenesta, men ikkje eit krav
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Grunnleggande digitale ferdigheiter
Må kunne arbeide sjølvstendig innanfor gitte rammer og søkje rettleiing ved behov
Personlege eigenskaparDu er ansvarsbevisst og påliteleg
Du er fagleg interessert og motivert for å lære
Du er omsorgsfull, empatisk og respektfull i møte med pasientar og pårørande
Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Du er fleksibel og innstilt på å bidra ved behov
Du har evne til å arbeide strukturert i ein travel kvardag
Du trivst med både sjølvstendig arbeid og arbeid i team
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
KontaktinformasjonMarianne Bakken Omvik, Seksjonsleiar, +47 70105921, Marianne.Bakken.Omvik@helse-mr.no
ArbeidsstadÅsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5182374351
Stillingsprosent: 0%
Tilkalling/Timebasis
Søknadsfrist: 02.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.