Fast helgestilling
Gulen kommune
- Arbeidssted
- GULEN, EIVINDVIK, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 6. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om stillinga Gulen kommune, for tida ved Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim, har ledig:
Helgestilling 13-18% fast frå snarast/etter avtale. Arbeid kvar 4. helg (langvakter), eller kvar 3. helg (ord. vakt).
Vi søkjer i utgangspunktet deg som er helsefagarbeidar, men andre kan også søkje og verte vurdert. Kanskje er du sjukepleiarstudent, og kan tenke deg litt erfaringsbasert kunnskap? Hjå oss får du verdifull erfaring, varierte arbeidsoppgåver og høve til å gjere ein viktig skilnad for andre.
For helsefagarbeidarar i turnus er det, for tida, løn utover tariff og ekstra tillegg på helg for gjennomført vakt.
Arbeidsoppgåver Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonskrav Autorisasjon som helsefagarbeidar eller sjukepleiarstudent. Andre utan utdanning kan også søkje og verte vurdert
Førarkort klasse B
Gyldig politiattest ved tilsetjing
God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer
Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest.
Søkjarar som etter utfylling av eigenerklæring vert pålagt å teste seg for MRSA/TBC, må framlegge negativ test før oppstart.
Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.