Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Seksjonsleiar

Møre og Romsdal Politidistrikt

Arbeidssted
KRISTIANSUND, KRISTIANSUND N, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
23. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Om stillingaVil du vere med på å leie ei avdeling i politiet som møter publikum frå alle samfunnslag og gjer ein forskjell for den enkelte? Då kan stillinga som seksjonsleiar ved seksjon for forvaltning og sivil rettspleie i Kristiansund vere noko for deg. Som seksjonsleiar har du personal-, mål- og resultatansvar for seksjonen. Du vil arbeide i eit fagmiljø som brenn for kvalitet, rettstryggleik og service. Du vil ha ansvar for publikumsskranken ved Kristiansund politistasjon, der seksjonen handterer eit breitt spekter av førespurnader frå publikum, mellom anna mottak av søknader om pass og nasjonalt ID-kort. I tillegg vil du leie arbeidet med den sivile rettspleia i Kristiansund namsfogddistrikt, som omfattar heile Nordmøre.  Arbeidskvardagen er prega av høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver, så du må trivast med å ha mange ballar i lufta samstundes. Personlege eigenskapar vert særleg vektlagt i leiarstillingar. Oppmøtestad er Kristiansund politistasjon. Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidarVi søkjer etter medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, arbeidsmoral og etisk integritet. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Arbeidsoppgåverpersonal og resultatansvar for 1.linje forvaltning og namsfogdfunksjon ansvar for å følgje opp eininga sine saker, sørgje for høg kvalitet, effektiv ressursutnyttelse, samarbeid og måloppnåelse deltaker i leiargruppa ved geografisk driftseining Nordmøre og Romsdal ansvar for tilrettelegging for pass og ID bestilling for publikum leie og utføre saksbehandling innanfor den sivile rettspleien i Nordmøre deltaker i leiargruppa innafor sivil rettspleie i Møre og Romsdal politidistrikt utvikle godt medarbeidarskap, ønskt kultur og god medarbeidartilfredsheit i eiga eining leggje til rette for kunnskapsbasert erfaringslæring og sørgje for systematiske forbetringar bidra til samarbeid på tvers av fagområde, seksjonar og geografiske einingar for å sikre gode tenester og effektiv oppgåveløysing kan påleggast andre oppgåver KvalifikasjonarDette må du ha for å være kvalifisert: relevant høgare utdanning minimum på bachelornivå. Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for kravet. relevant ledererfaring god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk vere økonomisk vederheftig. Søkjarar som blir innkalla til intervju må ta med utskrift av kredittinformasjon for å vise at ein ikkje har betalingsmerknadar. Dette kan ein hente ut gratis frå til dømes MinExperian eller Bisnode på nett førarkort klasse B plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jamfør politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga Det er også ønskeleg med: leiarutdanning utdanning innan eller erfaring frå sivil rettspleie og forvaltning relevant erfaring frå offentleg forvaltning og/eller saksbehandling juridisk og økonomisk kompetanse eller forståing kunnskap om helse, miljø og sikkerheit (HMS) og statleg regel- og avtaleverk Personlege eigenskaparFor å trivast og lykkast godt i stillinga, ser vi for oss at du er medarbeiderorientert og med evne til å motivere, støtte og utvikle medarbeidarar er sjølvstendig og initiativrik med god evne til å prioritere har gode kommunikasjons - og samarbeidsevner er resultatorientert og med god gjennomføringsevne Som medarbeider i politiet har du høy etisk bevissthet, du kjennetegnes av å være modig og helhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese mer om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her. Dette kan vi tilby om du vel ossein meiningsfull arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet for framtida fast stilling som seksjonsleiar (SKO 1211) med brutto årslønn frå kr. 830 000 - kr 860 000  medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no. Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse mogelegheit for trening i arbeidstida  tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar. Mangfald i politietDersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju. Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.  Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer duDu søker ved å fylle ut CV i Jobbnorges CV-skjema og skrive et kort søknadsbrev. I tillegg må du legge ved relevante vitnemål og attester. Relevante kandidater vil bli kalt inn til intervju. Opplysninger om deg kan bli offentliggjort selv om du har anmodet om ikke å bli ført opp på søkerlisten. Dersom anmodningen ikke blir tatt til følge, vil du bli varslet om dette.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.