LIS i augesjukdommar - vikariat
Augeavdelinga, Helse Bergen HF
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 1. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Det blir ledig eit årsvikariat for lege i spesialisering (LIS3) ved vår spennande avdeling i perioden frå 10.11.2026 og 12 månader framover. Det er gode moglegheiter for forlenging av vikariatet.
LIS frå andre helseregionar kan òg søke stillinga som ein del av arbeidet med å oppnå naudsynte læringsmål innan spesialiteten augesjukdommar.
Augeavdelinga er ei spesialavdeling ved Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga er knytt til Universitetet i Bergen, og forskings- og utviklingsarbeid står sentralt i verksemda vår. Avdelinga har stor breidd i tenestetilbodet sitt, og vi greier ut og behandlar alle typar augesjukdommar. Avdelinga har sengepost i Klinikk for hovud og hals, dagkirurgisk og poliklinisk eining samt operasjonsavdeling. Sengeposten har seks døgnplassar. Her er det både planlagde innleggingar og øyeblikkeleg hjelp-innleggingar.
Vikariatet kan telje som ein del av spesialistutdanninga innan augesjukdommar.
Ved rekruttering og tilsetjing vil vi ha eit langsiktig perspektiv for å bygge ei fagleg sterk og robust augeavdeling for framtida
ArbeidsoppgåverDen som blir tilsett vil gå inn i 12-delt primærvakt
Ein vil rotere mellom dei ulike seksjonane i avdelinga ca. kvar 6. månad (7 ulike seksjonar) for å få dekt alle områda innan augefaget
Det vil vere ein kombinasjon av arbeid med inneliggande og polikliniske pasientar
Vedkommande må ta del i undervisning av legestudentar og anna helsepersonell
KvalifikasjonarDen som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS-stilling i augesjukdommar
God skriftleg dokumentasjonsevne
Då Augeavdelinga er ei hektisk avdeling, vil vi legge vekt på opparbeidd kompetanse og interesse for augefaget
Augeavdelinga er kjend for sitt gode, kollegiale miljø, og det er viktig at dei som blir tilsett og vil bidra til å halde dette ved like
Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad
Personlege eigenskaparVi vil legge vekt på personlege eigenskapar som det å vere ansvarsbevisst, samarbeidsvillig og fleksibel
Gode kommunikasjonsevner, og evner til å arbeide systematisk og effektivt i ein hektisk kvardag
Vere ein god teamarbeidar
Bidra aktivt til det gode arbeidsmiljøet
Forskingsinteresse
Vi tilbyrTeneste i ei høgspesialisert augeavdeling med gode moglegheiter til brei kompetansebygging og fullstendig LIS-løp i spesialiseringa
Den som blir tilsett, vil få ein personleg rettleiar, og delta i avdelinga sitt regulære utdanningsprogram
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
God forsikrings- og pensjonsordning
Gode kollegaer i eit særs godt arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonFrank Tore Jenssen, Seksjonsleiar, 55974124
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 BERGEN
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5176297460
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 10.11.2026
Sluttdato: 02.01.2028
Søknadsfrist: 01.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.