Spesialingeniør/ instrumentansvarleg
Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 8. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vi har ledig fast stilling som spesialingeniør/ instrumentansvarleg ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF).
MBF er det største laboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus og har om lag 370 tilsette. Avdelinga har 12 analytiske og 4 ikkje-analytiske seksjonar, legegruppene medisinsk biokjemi, hormonlaboratoriet og klinisk farmakologi, samt Napos, Noklus Hordaland og RELIS Vest.
Avdelinga utfører ei rekke analysar innan medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi og har moderne analyseinstrument. I tillegg til omfattande rutinedrift blir det drive forsking og utviklingsarbeid. Laboratoriet er akkreditert etter ISO 15189.
Vi søker ein spesialingeniør med sterk interesse for avansert laboratorieinstrumentering og massespektrometri. Den som blir tilsett vil vere ein del av kjemikargruppa ved MBF, og ha ei sentral rolle i drift, vedlikehald og vidareutvikling av ein av dei største LC-MS-plattformane i norske sjukehuslaboratorium. Stillinga er knytt til Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar og inneber samarbeid med instrumentansvarleg ved Hormonlaboratoriet og fleire seksjonar ved avdelinga.
Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar har mellom anna 9 LC-MS/MS-instrument, 3 LC-QTOF-MS-instrument, 1 GC-FID-instrument og 3 moderne robotar for handtering og opparbeiding av prøvemateriale.
ArbeidsoppgåverAnsvar for vedlikehald, feilsøking og reparasjon av instrument, samt oppfølging av serviceavtalar
Kontakt med servicepersonell og leverandørar
Bistå ved anbodsprosessar
Bidra til utvikling og validering av metodar
Delta i kvalitetsarbeid knytt til akkrediterte analysar
Skrive prosedyrar og valideringsrapportar
Bidra til undervisning og opplæring av tilsette i bruk og vedlikehald av instrument
Delta i den daglege rutinedrifta ved seksjonen
Andre arbeidsoppgåver kan bli tillagt stillinga
KvalifikasjonarUtdanning innan kjemi, analytisk kjemi eller tilsvarande fagområde på master-, sivilingeniør- eller ph.d.-nivå. Relevant erfaring og kompetanse kan kompensere for utdanningskravet
Teknisk kunnskap om og interesse for HPLC og LC-MS/MS
Erfaring med HPLC, LC-MS/MS eller tilsvarande avanserte analyseinstrument
Erfaring med metodeutvikling, validering eller instrumentvedlikehald er ein fordel
Erfaring frå akkreditert laboratorium er ein fordel
Gode datakunnskapar blir vektlagde
Må meistre norsk og engelsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Personlege eigenskaparUtadvendt og engasjert
Gode kommunikasjonseevner
Målbevisst, strukturert og løysingsorientert
Vere ein god teamarbeidar og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vere fleksibel og trivast med varierte utfordringar
Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
Engasjement for fagfeltet og ønskje om fagleg utvikling
Vi tilbyrMoglegheit til å arbeide med avansert massespektrometri i eit av dei største fagmiljøa innan laboratoriemedisin i Noreg
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Triveleg arbeidsmiljø
Høgt fagleg nivå
Stor grad av fagleg sjølvstende og moglegheit til å påverke utviklinga av instrument- og analyseplattformar
Tett samarbeid med kjemikarar, bioingeniørar og legar
Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Dagstilling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonChristina Ramsens, Seksjonsleiar, 55973257, christina.ramsnes@helse-bergen.no
Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 99235074, ingunn.boro@helse-bergen.no
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5194028356
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.