Ringevikar i Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra
Gulen kommune
- Arbeidssted
- GULEN, DALSØYRA, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 14. sep. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 5
Stillingsdetaljer
RingevikarYnskjer du å vere ringevikar ved Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD)?
Sone BBD har behov for å kome i kontakt med personar som ynskjer å vere ringevikar i eininga. Dersom du ynskjer å vere disponibel som ringevikar, er du ikkje forplikta til å seie ja til oppdraga du vert tilbudd, men du vil stå på ei liste, slik at du kan verte kontakta ved behov. Du takkar altså ja eller nei til konkrete vakter. Du vil få opplæring og oppfølging etter behov. Alle som arbeider ved eininga må levere tilfredsstillande politiattest før oppstart. Dersom du tenkjer dette verkar interessant kan du anten sende inn ein søknad ved å gå inn på "søk her", eller ta kontakt direkte med kontaktperson i annonsen.
I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg. Eininga har fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving blant helsefagarbeidarane, i avdeling og på tvers av avdelingane innan eininga.
ArbeidsoppgåverHjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
Samhandle/kommunisere med pårørande
Samhandle tverrfagleg med; lege, fysioterapeut, ergoterapeut og liknande
Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar Autorisasjon som helsefagarbeidar, sjukepleiar og/eller vernepleiar. Me ynskjer også søkjarar utan fagbrev eller høgare utdanning
Førarkort klasse B
Gyldig politiattest
God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar Kommuniserer godt på norsk
Har gjerne erfaring frå og kjennskap til norsk helsevesen
Samhandlar godt med brukarar og andre samarbeidspartnarar
Jobbar sjølvstendig, tar initiativ, er fleksibel og er løysingsorientert
Har ei positiv haldning og bidrar til å skape trivsel på arbeidsplassen
Å vere personleg eigna vert vektlagt
Anna Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Løn etter tariff
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.