Helsefagarbeidar/barn- og ungdomsarbeidar
Kviteseid kommune
- Arbeidssted
- KVITESEID, TELEMARK
- Publisert
- Søknadsfrist
- 27. sep. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Lundenjordet er eit bufellesskap for menneske med funksjonsvariasjonar.
Lundenjordet består av 13 faste bustader og 1 avlastningsbustad for born.
No har me ledig ei nattevaktstilling i avlastninga for born kvar 4. helg, den som blir tilsett må kunne følgje oppsett turnus.
Me søkjer difor etter ein helsefagarbeidar eller barne-og ungdomsarbidar til 14,08 % fast helgestilling på natt i avlastningsbustaden, med moglegheit for auking av stillingsstørrelse etterkvar som evnt. avlastning aukar.
Oppstart 14.12.26.
Stillinga let seg kombinere med andre stillingar i kommunen.
ArbeidsoppgåverPraktisk bistand, pleie, stell og tilsyn av bornet gjennom heile natta
Skape ei trygg og god natt for bornet
Dokumentere i fagsystem
KvalifikasjonarFagbrev som helsefagarbeidar/norsk autorisasjon som hjelpepleiar
eller barne- og ungdomsarbeidar
Ynskje om relevant vidareutdanning retta mot menneske med utviklingshemming
Ynskje om erfaring frå arbeid med born med utviklingshemming
Førarkort kl. B
God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskaparVi ser etter deg som:
Har gode kommunikasjons og samarbeidsevner
Har evne til å ta ansvar, vere sjølvstendig og trygg i tenesterolla
Er fleksibel, strukturert og løysingsorientert
Vil halde deg fagleg oppdater
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Kommunen legg vekt på psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve.
Vi tilbyrGodt og inkluderande arbeidsmiljø
Spanande og omfattande faglege utfordringar
Løn etter gjeldande avtale
KontaktinformasjonUnni Elisabeth Øygarden, Einingsleiar Tilrettelagde tenester, +47 90251683, unni.oygarden@kviteseid.kommune.no
ArbeidsstadKviteseidgata 11A
3850 Kviteseid
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kviteseid kommune
Referansenr.: 5175428675
Stillingsprosent: 14,08%
Fast
Søknadsfrist: 27.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.