Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Intensivsjukepleiar

INTENSIV ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF

Arbeidssted
ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
22. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
5

Stillingsdetaljer

Vil du vere ein del av eit sterkt fagmiljø der pasienttryggleik, kompetanse og samarbeid står i sentrum? Intensivseksjonen ved Ålesund Sjukehus har no ledige fleire stillingar som intensivsjukepleiar, både faste og vikariat. Intensivseksjonen i Ålesund er ei beredskapsavdeling med høg fagleg standard og eit engasjert team. Vi behandlar kritisk sjuke pasientar og deltek i hjartestans-, slag-, barn-, MIT-, traume- og MET-team. Hos oss får du: Variert og utfordrande arbeid med intensiv- og overvåkingspasientar Sterkt fagmiljø med fokus på simulering, kompetanseutvikling og tverrfagleg samarbeid Moglegheit til fagleg vekst gjennom kurs, fagdagar og spesialisering Trygg og inkluderande arbeidskultur der vi støttar kvarandre og jobbar saman for pasientane Intensivseksjonen er ein del av Klinikk Ålesund sjukehus og omfattar Kirurgisk intensiv, Postoperativ seksjon og Medisinsk intensiv/hjarteovervaking. Som intensivsjukepleiar hos oss, vil du bli ein del av eit sterkt fagmiljø som samarbeider i team med andre faggrupper som til dømes anestesilegar, medisinarar, kirurgar, fysioterapeutar og fleire. Vi set fag i fokus og god opplæring vert prioritert. Stillingane inngår i turnus (dag/kveld/natt/helg). Vil du arbeide saman med oss i eit spanande fagfelt? Send oss ein søknad i dag! ArbeidsoppgåverKlinisk pasientarbeid i tråd med gjeldande prosedyrer og retningsliner Pasientovervaking, behandling og pleie Samarbeid med legar og anna tverrfagleg personell Bidra til fagutvikling, kvalitet og pasientsikkerhet Rettleiing og opplæring av studentar og nyansatte (ved behov) KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar Vidareutdanning som spesialsjukepleiar i intensiv Erfaring frå tilsvarande arbeid er ønskeleg Gode norskkunnskaper, muntlig og skriftlig Personlege eigenskaparDu er fagleg engasjert og ansvarsbevisst Du har evne til å arbeide sjølvstendig og i team Du er fleksibel og løysingsorientert Du bidreg positivt til arbeidsmiljøet Personelg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. KontaktinformasjonMarit Vatsaas Vinje, Seksjonsleiar, +47 70 10 55 23, Marit.Vatsaas.Vinje@helse-mr.no ArbeidsstadÅsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5174061944 Stillingsprosent: 100, 85% Fast, Vikariat Søknadsfrist: 22.09.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.