Driftsansvarleg reinhald
Alver kommune
- Arbeidssted
- ALVER, ISDALSTØ, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 1. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om stillingaMe søkjer etter deg som er engasjert, serviceinnstilt og fagleg interessert i reinhald, og søkjer etter ein driftsansvarleg til reinhaldsavdelinga vår. Du vil inngå i eit team med 2 andre driftsansvarlege som deler den daglege drifta og vil ha ansvar for eigen portefølje. Du må og rekna med noko arbeid i drift. Det er ei fordeling i stillinga med 50% reinhald og 50% administrativt.
Me har ein spennande og variert arbeidskvardag, både administrative og operative oppgåver knytte til reinhald, og me har eit arbeidsmiljø som er godt og inkluderande. Du vil vera ein nøkkelperson i organisasjonen, og bidra til å sikra god drift og motiverte medarbeidarar.
Arbeidsoppgåver inkluderer blant anna å samarbeida tett med avdelingsleiar og andre i organisasjonen. Stillinga har ikkje personalansvar men oppfølgingsansvar, sørgja for at tilsette følgjer instruksar og rutinar, sikre kvalitet og stabilitet i leveransane våre.
Normalarbeidstida er kl. 06:30 - 14:00. Arbeidsgivar stiller med arbeids bil, og det er viktig at du trivst med å køyra bil heile året rundt på ulik veg- og føreforhold.
Send inn ein søknad og bli den nye kollegaen vår!
Om reinhaldsavdelingaReinhaldsavdelinga er bemanna med ca. 70 tilsette og har 3 ansvarsområder som vert koordinert av kvar sin driftsansvarleg. Reinhald er organisert som avdeling i tenesteområde drift- og vedlikehald, og arbeidsområdet vårt er heile den vidstrakte kommunen.
Avdelinga driftar 5 vaskeri ved institusjonar, og alt reinhaldsareal ved dei forskjellige bygga kommunen disponerar. I tillegg bistår vi ved ned- og utvask av kommunale bustader.
ArbeidsoppgåverBidra til HMS arbeid ved avdelinga
Knytt til dagleg planlegging og oppfølging av drift og vedlikehaldsoppgåver
Operativ styring av tildelte oppgåvene i kvardagen
Bidra til at drifta skjer i tråd med gjeldande rutinar
Sikre at nytilsette og vikarar får opplæring
Delta i utviklingsarbeid for avdelinga
Melde behov for kompetanseheving
Melde behov for utstyr , hjelpemidlar og inventar
Melde behov for forbruksmateriell
Bidra til kvalitetssikring, kontinuitet og god flyt i tenesteytinga
Kvalifikasjonskrav Fagbrev som reinhaldsoperatør, alternativt dokumentert pågående utdanning innan fagområdet eller erfaring frå profesjonelt reinhald
Relevant erfaring innan leiing, gjerne frå reinhaldsfaget eller anna operativ verksemd
Erfaring med personaloppfølging og koordinering av dagleg drift
Grunnleggende IT-kompetanse
Førerkort B
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Kven er du?Du er fleksibel, påliteleg og effektiv
Har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit over tid
Er trygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tydelegheit
Har gode kommunikasjonsevner
Du har gode norsk språkferdigheiter, både munnleg og skriftleg
Du blir motivert av å yta service og skapa gode serviceopplevingar
Du er sjølvstendig, men liker også å arbeida i team
Du er lærevillig og positiv til nye utfordringar
Du har eit godt humør som bidrar til et hyggjeleg arbeidsmiljø
Me tilbyrOppfølging og rettleiing
Erfarne kollegaer og eit trygt og godt arbeidsmiljø
Gode forsikrings- og pensjonsordning i KLP
Tilsetjing og løn i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Me er ein organisasjon i læring! Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet og organisasjonen. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling.
Me er AlverMe får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest I tråd med opplæringsl § 10- 9 / barnehagel § 19 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.